Krevje inn sivil erstatning

Ei sivil sak er ei rettssak der ein skal løyse ein tvist mellom to eller fleire personar. I sivile saker kan du bli tilkjend erstatning/sakskostnader som følgje av ei straffbar handling. Vi krev berre inn erstatningskrav i sivile saker der du har blitt utsett for fysisk vald eller psykisk vald.

Vi krev ikkje inn sivile krav som har skjett på grunn av svindel, tjuveri, skade på ting og gjenstandar etc. Du kan kontakte den lokale namsmannen eller eit privat inkassomsfirma for å få hjelp til å krevje inn desse krava.

I ei sivil erstatningssak sender ikkje politiet saka til oss, då må du be om oss om å krevje inn kravet for deg ved å fylle ut erstatningsskjemaet.

Vi fakturerer og tvangsinnkrevjar krava dersom det skulle bli nødvending. Innkrevjinga er gratis for deg.

Slik ber du oss krevje inn på vegner av deg i ei sivil erstatningssak

1. Fyll ut erstatningsskjemaet.

Erstatningsskjema.pdf


Dersom det er fleire som skal betale til deg, må du fylle ut eitt skjema per betalar.

2. Legg ved dokumentasjon:

  • Kopi av heile dommen
  • Stadfesting frå tingretten på at dommen er rettskraftig (avgjord i retten)
  • Dersom du har forsøk å krevje inn krava sjølv, legg ved papir på dette. Det kan gi ny foreldingsfrist som gjer at kravet får lengre levetid.

3. Send inn erstatningssskjemaet og dokumentasjonen til oss.
Du kan sende det i posten eller skanne det og sende det digitalt. Signaturen din gir oss fullmakt til å krevje inn den sivile erstatninga på vegner av deg.
 

Tek det lang tid før du får pengane og kostar det noko at vi krev inn for deg?
Les meir

Kan kravet bli for gammalt?
Les meir

Korleis krev vi inn erstatninga?
Les meir

Kva skjer dersom den som skal betale deg ikkje har pengar no?
Les meir

Bur den som erstatningspliktig i utlandet no?
Les meir