Kor lang levetid har eit erstatningskrav?

Eit erstatningskrav blir i utgangspunktet forelda etter 10 år, men denne fristen kan forlengjast. SI gjer det vi kan for å få forlengt foreldingsfristen, slik at kravet framleis kan krevjast inn.

Dersom det ikkje er mogeleg å forlengje foreldingsfristen i saka di, så må SI avslutte innkrevjinga når kravet blir forelda.

Har du prøvt å krevje kravet inn sjølv?

Dersom du har forsøk å krevje inn kravet sjølv før det har gått 10-år, så kan det vere lurt å dokumentere kva du har gjort i saka. Dersom SI skal fortsetje å krevje inn kravet etter at du sjølv har prøvt, kan kanskje dokumentasjonen din forlengje levetida på kravet.

Kva meinest med dokumentasjon for å forlengje fristen?
Dette kan for eksempel vere:

  • "Krav om utleggsforretning" som du har sendt til namsmannen for at namsmannen skulle krevje inn erstatninga for deg.

  • Andre avgjerder frå namsmannen dersom han har hjelpt deg i innkrevjinga.

  • Avgjerd frå retten eller namsmannen dersom erstatningskravet har vore ein del av ei konkurs- eller gjeldsordningsbehandling hos den erstatningspliktige.

Det finst fleire andre typar dokumentasjon, ta gjerne kontakt med oss for hjelp til dette.

Kontakt oss