Bur den som skal betale erstatning i utlandet?

Dersom den som skal betale bor i utlandet, har vi avgrensa moglegheiter til å tvangskrevje kravet dersom ikkje ho/han har inntekt eller eigedelar i Noreg.

I land utanom Noreg og Sverige må vi krevje inn ved hjelp av eit inkassobyrå. Inkassokostnadene blir plussa på erstatningssummen, og den som skulder deg pengar må betale dei ekstra kostnadene. Dersom ho/han ikkje er i stand til å betale deg heile erstatningssumen i ei samla innbetaling, kan ein avdragsavtale med månadlege avdrag bli løysinga.

Dersom inkassokostnaden utgjer store delar av avdragssumen kan den månadlege utbetalinga av erstatninga til deg bli veldig liten. Utbetalinga til deg kan ta lang tid og strekkje seg over mange år. Vi vurderer derfor i kvar sak om det er formålstenleg å sende krav over til inkassobyrå i utlandet.

Kontakt oss