Kva dersom den som skal betale erstatninga ikkje har pengar no?

Statens innkrevingssentral har eit omfattande automatisk system som kvar einaste natt gjer søk i ulike register for å avdekkje om det finst noko av verdi som vi kan ta utlegg i. Når vi finn noko startar innkrevjinga.

Vi hentar data frå bankane, styresmakter som gir produksjonstilskot, rettsorganisasjonar, VPS, register over småbåtar og motorvogner, eigedomsregister, skipsregistera, luftfartyregistera, burettslag og Brønnøysundregistrene (ulike register). I tillegg kjem A/A-registeret og trygderegister i NAV.

Vi har også ein omfattande elektronisk kommunikasjon med fleire verksemder, som Ergo Group (som bl.a. driftar ulike register), Politiet, Brønnøysundregistrene, SSB, DNB, Skattedirektoratet, Statens lånekasse for utdanning, NAV-trygd med fleire.

Kontakt oss