Korleis krev vi inn erstatninga?

Dersom du som privatperson, bedrift eller organisasjon har vore utsett for ei straffbar handling, kan SI krevje inn erstatninga og/eller sakskostnader som er tilkjende deg i saka. Det er avgrensa kva næringsdrivande vi tvangsinnkrevjar inn for.

Når erstatningssaka blir behandla i retten, blir det sat ein frist for betaling. Dersom den som skal betale erstatning, ikkje betaler dette til deg innan forfallsfristen retten sette så kan vi krevje inn for deg.

Når vi krev inn for deg, så sender vi fyrst ut faktura. Den som skal betale deg erstatninga kan då inngå nedbetalingsavtale og kortare betalingsutsetjingar. Dersom forfallsfristane våre ikkje blir overhaldne startar vi tvangsinnkrevjing. Då kan vi trekkje i lønn eller trygd, eller ta utlegg i formuesgode som den erstatningspliktige eig.

Dersom den som skal betale erstatninga får pengar igjen på skatten, kan vi be skatteoppkrevjaren halde igjen pengane for å dekkje kravet (skattemotrekne).

Det er berre du som tilkjend av erstatninga som kan ettergi kravet.

Kontakt oss