Tek det lang tid før du får pengane og tek vi betalte for å krevje inn?

Vi kan ikkje betale ut erstatningssumen til deg på forskot. Det betyr at kva økonomisk situasjon den som skal betale erstatninga er i, vil påverke kor raskt du får utbetalt erstatninga.

Betaler vedkomande inn heile erstatningssumen i ei samla innbetaling, då får du heile erstatningssumen utbetalt i ei samla utbetaling. Men dersom den som skal betale deg, ikkje er i stand til å betale heile erstatningssumen i ei samla innbetaling, kan månadlege avdrag/lønnstrekk på bli løysinga. Du får då utbetalt det summen som er betalt inn. Dette gjer at det kan ta tid før heile erstatningssumen er nedbetalt til deg.

Det er viktig å merke seg at sjølv om den som skal betale erstatninga har lønn eller trygd, så skal han eller ho ha pengar igjen til livsopphald. Er det ikkje nok pengar igjen til å leve for, kan vi ikkje krevje inn noko før økonomien endrar seg.

Nei, vi tek ikkje betalt for å krevje inn for deg.

Kontakt oss