Klage

Korleis klagar du til oss?

1.    Klaga skal vere skriftleg (bruk klageskjema) og det må være tydeleg:

  • Kva du klagar på (klage på trekk, krav, skattemotrekning m.m.).
  • Du må skrive kva du ønskjer å oppnå med klaga (stans av trekk, krav skal slettast m.m.).
  • Du må underskrive klaga.

2. Legg ved:

Dersom du meiner at vi har feil opplysningar, legg ved dokumentasjon som viser at det du meiner er riktig.

For eksempel dersom du har trekk i lønn eller trygd: du har medisinutgifter du meiner vi ikkje har teke omsyn til, buutgiftene er høgare enn opplyst mm. Les meir om dokumentasjon.

Korleis gjer du det?
Du kan ta bilete av dokumentasjonen og laste det opp digitalt, eller du kan leggje ved papirkopiar til klaga dersom du sender den i posten.

 3. Send inn

Digitalt: Logg inn og legg ved dokumentasjon i kontaktskjemaet.
Du vil bli bedd om å signere elektronisk som ein del av innsendinga.

Post: Skriv klaga, signar og send inn i posten saman med dokumentasjon.

Kva skjer når du har sendt klage?

Du har rett til å klage på saksbehandlinga og avgjerslene våre som gjeld deg.
I mange tilfelle må vi sende klaga di vidare til dei som oppretta kravet (til dømes NRK, Lånekassen, Politiet).

Vi behandlar klagen innan 3 veker etter at vi har mottatt den.
Vi vurderar om vi skal gjere om vedtaket vårt før vi eventuelt sender klagen vidare til den rette instansen.

Vær likevel klar over at klaga di stoppar ikkje innkrevjinga av kravet.
Det er fyrst ved ei eventuell avgjerd om at klaga din skal takast til følgje at innkrevjinga stoppar.
Dersom du får sletta eit krav, vil det du har betalt inn for mykje bli tilbakebetalt.

Fristar for klaging på innkrevjinga

Du kan klage så lenge tvangsinnkrevjinga ikkje er avslutta.

  • Ved utleggspant er saka avslutta når det er etablert rettsvern, for eksempel når tinglysingsdato er sett, eller banken er informert om at vi har teke utlegg. Etter dette kan du berre klage på kva formuesgode vi tok utlegg i.
  • Ved utleggstrekk er saka avslutta når trekkperioden er ferdig.


Andre klagefristar kan variere frå sak til sak, og vil vere opplyst i brev frå oss.