Klage på skattemotrekning

Har du tenkt at skattepengane skal brukast på andre ting enn å betale gjeld?

Å bli skattemotrekna blir ofte opplevt som ergeleg når ein har planlagt å bruke skattepengar på andre ting. Dessverre er det slik at dersom du har ubetalte krav hos Statens innkrevjingssentral, så vil skattepengane bli brukte for å dekkje ubetalte krav. Fordelen er at du anten blir heilt kvitt, eller i alle fall har fått betalt ned på ubetalte krav hos oss - med dei fordelane det på sikt gir deg (raskare nedbetaling, fjerning av betalingsmerknader når alt er oppgjort og vidare moglegheitene til å få innvilga b.l.a. bustadlån).

Det finst gyldige grunnar for at du kan søkje om å behalde skattepengane.

Gyldige grunnar for å søkje om å få behalde skattepengane likevel (klage)

Du skal alltid ha igjen til livsopphald og dersom du treng skattepengane for å ha noko å leve av, så vil det vere ein gyldig grunn for at du kan søkje om å få behalde skattepengane.

Grunnar som ikkje blir rekna som gyldige for å få behalde skattepengane

  • Du har bestilt ferie
  • Du har eit privat lån du skulle løyse ut
  • Du hadde tenkt å setje av pengane til sparing

Årsaka til at ferie ikkje blir rekna som ein gyldig grunn, er at det i livsopphaldssatsen er utrekna at du skal setje av pengar til ferie i løpet av året. Når det gjeld private lån eller sparing har ubetalte krav hos oss ein høgare prioritet.

Slik klagar du på skattemotrekninga

Du har ein månads klagefrist på skattemotrekninga etter at du har motteke varsla frå oss.

1. Logg inn på Di side og send inn kontaktskjema med kategori "Klage".
Alternativt, fyll ut klageskjema under

Her legg du inn opplysningar om inntektene og utgiftene dine. Hugs at du må forklare og dokumentere kva det er du meiner at du treng å bruke skattepengane på.

Klageskjema (PDF)

2. Legg ved dokumentasjonen på:

  • Inntekt
    Siste lønnslipp eller siste trygdeslipp (eller vedtak om sosialhjelp)

  • Buutgifter
    Husleigekontrakt og/eller nedbetalingsplan for huslån

  • Kommunale avgifter og bustadforsikring
    Eksempel: Rekningar på vatn- og avløpsgebyr, renovasjonsgebyr, feie- og tilsynsgebyr, forsikringsavtale på bustadforsikring eller rekninga.


Har du barn?
Då må du også leggje ved:

  • Barnebidrag
    Kopi av kvittering for utbetalt barnebidrag

  • Utgifter barnepass
    Rekning frå SFO/barnehage

  • Studieprov
    dersom du forsørgjer barn over 18 år som bur heime fordi dei går på vidaregåande skule

  • Samværsavtale dersom du har barn som ikkje bur fast hos deg

3. Send inn klaga og dokumentasjonen til oss, hugs signatur


Saksbehandlingstid på klager

Du kan klage når du har motteke meldinga frå Skatteetaten om at SI har motrekna deg. Denne meldinga får du når skatteoppgjeret ditt er klart. Klagefristen er ein månad frå du mottek meldinga frå Skatteetaten. SI behandlar ikkje klager som kjem før skatteoppgjeret er klart.

Det kan ta opptil 4 veker å behandle klaga.

Har vi rett til å dekkje ubetalte krav hos oss med skattepengar du har til gode?

Vi har rett etter SI-LOVA si § 4 til å skattemotrekne. Det betyr at dersom du får pengar igjen på skatten, kan vi gi melding til skatteetaten om å halde igjen desse pengane for å dekkje dei ubetalte krava dine hos oss. Dette blir kalla skattemotrekning.