Søk avdrag/utsetjing

Prøv gjerne sjølvbeteninga vår på framsida for å dele opp eller utsetje kravet - då får du ordna saka direkte (har du meir enn eitt krav må du logge deg inn).

Manuell søknad om avdrag/utsetjing passar for deg som treng:

  • Avdragsavtale med lågare månadssum enn standard sum som er 500,- kr per månad
  • Avdragsavtale med lengre nedbetalingstid enn 24 månader
  • Utsetjing på meir enn to månader.
    NB: I utgangspunktet gir vi ikkje utsetjing på meir enn to månader. Løysinga vil då vere at du heller startar ei avdragsordning.

Tips: det kan vere lurt å heller starte på ei nedbetaling framfor å utsetje den.

Slik søkjer du om avdragsordning eller utsetjing hos oss:

1. Fyll ut søknadsskjemaet

Søknadsskjema (word)
Du kan skrive direkte i skjemaet og lagre dette som eit PDF

Søknadsskjema (PDF)
Dette skjemaet kan du skrive ut på papir, fylle inn med penn og sende inn. I staden for å sende det i posten kan du kan ta bilete av skjemaet og lagre det som ei fil, eller skanne det til fil.
2. Dokumentasjon

Skann inn relevant dokumentasjon, dersom du ikkje allereie har dette i digitalt format.

Har du ikkje dokumentasjon i digital utgåve? (tips)

3. Logg inn og last opp

  • Klikk på "Logg inn - Se Din side"-knappen
  • Vel "Kontaktskjema" og legg ved det utfylte søknadsskjemaet og dokumentasjonen på opplysningane du gir.
Du kan sende søknaden som vanleg post til oss, men du får raskare svar dersom du loggar deg inn og sender søknaden digitalt.

Får du meldinga "Vi beklager teknisk feil" ved opplastinga?
Mogelege årsaker til feilmeldingar

VIKTIG - Uansett korleis du vel å sende søknaden:
Når vi saksbehandlar tek vi ikkje omsyn til opplysningar (f.eks. om utgifter) som du ikkje har dokumentert. Legg ved dokumentasjon på at dei opplysningane du skriv i søknadsskjemaet er riktige.


Fekk du ikkje opna skjemaet? Last ned adobe reader for å opne skjema.