Tvangsmulkt - Apoteklova

Korleis skjer innkrevjinga for dette kravet?

(Trykk på stega for å lese meir)

Frivilleg innkrevjing

1. Faktura

Bilde

2. Varsel om tvangsinnkrevjing

Bilde

Tvangsinnkrevjing

3. Varsel om utleggsforretning

Bilde

4. Utleggsforretning

Bilde

Dette kan du gjere på nettsida

Dette er ei laupande tvangsmulkt etter apoteklova som Statens legemiddelverk pålegg apoteka. Apoteka får tvangsmulkt dersom dei etter ein kontroll frå Statens legemiddelverk har fått pålegg om å rette opp driftsmessige avvik, manglande konsesjonar og manglande svar på førespurnadar og dette ikkje blir fulgt opp.

Dersom du ønskjer å søke om ettergjeving eller vil klage på pålegging av kravet, er det Statens legemiddelverk som behandlar dette. Innkrevjinga blir ikkje stansa under behandlinga av søknaden før vi mottar anna beskjed frå Statens legemiddelverk.

Aktuelle lovheimlar

-vedtak om tvangsmulkt, jf. apoteklova § 9-3

Relaterte spørsmål og svar

  • Betalingsopplysningar – kor finn eg det?

    Vårt kontonummer er 7694.05.12057.
    Bruk KID-nummer frå tilsendt betalingsblankett ved innbetaling. KID-nummeret har alltid enten 15 eller 23 teikn. Dersom siste teiknet i KID-nummeret er eit minusteikn "-", skal dette takast med.


    Manglar du KID-nummer, må du oppgi vår referanse eller kravnummer som betalingsinformasjon.

    Betaling frå land utanfor Noreg skal gjerast til:
    IBAN NO98 7694 0512 057
    BIC (SWIFT) DNBANOKK

    Adresse:
    DNB
    PB 1600 Sentrum
    NO-0021 OSLO.

  • Svar frå SI på brev eg har sendt?

    Etter at vi har tatt i mot eit brev frå deg, har du krav på svar innan 3 til 4 veker.

    Meir om svarfristar.

Ordbok

  • Ettergjeving

    At den du skylder penger til (kreditor) sletter heilt/delvis gjeld eller renter.

Kontakt oss