Ettergjeving

Korleis gjer du det?

1. Søknaden må vere skriftleg du må vere tydeleg på kvifor du meiner krav skal slettast.
Søknadsskjema (word)
Du kan skrive direkte i skjemaet og lagre dette som eit PDF

Søknadsskjema (PDF)
Dette skjemaet kan du skrive ut på papir, fylle inn med penn og sende inn. I staden for å sende det i posten kan du kan ta bilete av skjemaet og lagre det som ei fil, eller skanne det til fil.

2. Dokumentasjon

Skann inn relevant dokumentasjon, dersom du ikkje allereie har dette i digitalt format (sjå søknadsskjema for rettleiing).

Har du ikkje dokumentasjon i digital utgåve? (tips)

3. Logg inn og last opp

  • Klikk på "Logg inn - Se Din side"-knappen
  • Vel "Kontaktskjema" og legg ved det utfylte søknadsskjemaet og dokumentasjonen på opplysningane du gir.

Du kan sende søknaden som vanleg post til oss, men du får raskare svar dersom du loggar deg inn og sender søknaden digitalt.

Får du meldinga "Vi beklager teknisk feil" ved opplastinga?
Mogelege årsaker til feilmeldingar

VIKTIG - Uansett korleis du vel å sende søknaden:
Når vi saksbehandlar tek vi ikkje omsyn til opplysningar (f.eks. om utgifter) som du ikkje har dokumentert. Legg ved dokumentasjon på at dei opplysningane du skriv i søknadsskjemaet er riktige.

Kva skjer når du har sendt ein søknad om sletting?

I dei fleste tilfeller må vi sende søknaden vidare til våre oppdragsgjevarar.
Dei einaste sakene som vi kan avgjere er purregebyr på bøter, studielån og sakskostnadar som er tilkjent det offentlege i sivile saker.

Vi vurderar om sletting av krav kan vere støtande ovanfor samfunnet for øvrig. Det vil til dømes vere støtande om du med vilje forverrar din økonomiske situasjon med hensikt, for å oppnå ei ettergjeving.

Sjølv om du søkjer om å få sletta eit krav, stansar vi ikkje innkrevjinga medan søknaden er under behandling.

Om bøter, sakskostnader og inndragingar

Desse sakene vert behandla av Justisdepartementet etter at politiet har uttala seg. Søknad om sletting av bøter er å sjå på som ein søknad om nådegjeving. Du kan sende søknaden direkte til politiet eller via oss. I siste tilfelle må du skrive i søknaden om du ønskjer at den skal sendast vidare til politiet.

Om erstatningskrav

Søknadar som gjeld sletting av erstatningskrav sender vi til den som skal ha erstatninga.

Om studielån

Vi behandlar søknader om sletting av studielån som er permanent overført til oss.
For oppsagte studielån bistår vi i nokre tilfeller Lånekassen i slike søknader.

Om forseinkingsgebyr

Søknader om sletting av forseinkingsgebyr på bakgrunn av økonomien din, skal sendast oss.

Dersom årsaka til at du søkjer sletting ikkje er pga. økonomi så må du sende søknaden direkte til Regnskapsregisteret.