Byggjesaksgebyr

Korleis skjer innkrevjinga for dette kravet?

(Trykk på stega for å lese meir)

Tvangsinnkrevjing

1. Varsel om innkrevjing

Bilde

2. Varsel om utleggsforretning

Bilde

3. Utleggsforretning

Bilde

Dette kan du gjere på nettsida

Kva er eit byggjesaksgebyr?


Arbeidstilsynet er pålagt å krevje inn gebyr for alle byggjesaker som dei behandlar.

Gebyret blir oppretta når somme søkjer om å få setje opp ein bygning eller utføre bygningsmessig arbeid på ein bygning som blir brukt eller forventa å bli brukt av verksemder som arbeidsmiljølova gjeld for.  Arbeidet må også vere melde- eller søknadspliktig etter plan- og bygningslova.

Byggjesaksgebyra er tvangsgrunnlag for utlegg.


Kven skal betale byggjesaksgebyret?

Det er den som får sett opp bygget eller som har bestilt ombygginga (tiltakshavar) som får fakturaen på dette gebyret.

Arbeidstilsynet sender ut faktura for byggjesaksgebyret til verksemda. Dersom verksemda ikkje betaler gebyret, sender Arbeidstilsynet ut varsel om tvangsfullføring. Dersom gebyret framleis ikkje blir betalt, sender dei byggjesaksgebyret til SI for tvangsinnkrevjing. Det betyr at SI er namsmann for byggjesaksgebyr, og kan ta utlegg i eigedelar eller midlar som verksemda har.


Korleis kan du klage på byggjesaksgebyret?

Dersom du ønskjer å klage på at kravet har oppstått, er det Direktoratet for arbeidstilsynet som behandlar dette. Vi stansar ikkje innkrevjinga mens dei behandlar klaga med mindre vi får melding om det frå Arbeidstilsynet.

SI kan ikkje innvilge avdrag eller betalingsutsetjing på byggjesaksgebyra. Det er arbeidstilsynet som behandlar søknader om nedsetjing av kravet og utanrettsleg gjeldsordning.

 

Aktuelle lovheimlar

SI-lova§ 4

Arbeidsmiljølova § 18-3 andre ledd, jf.  tvangsfullføringslova § 7-2 bokstav e

Arbeidsmiljølova § 18-3

SI-lova § 1 jamfør SI-forskrifta § 1

Kontakt oss