Forelding

Mann som held timeglass mot sola.

Dersom eit krav er forelda, betyr det at den du skuldar pengar (kreditor) ikkje lengre har rett til å krevje betaling. Kravet fell då bort på grunn av sin alder.

Foreldingsfristar

Den alminnelege foreldingsfristen er 3 år. Det betyr at kreditoren må få kravet betalt innan 3 år eller få fristavbrudd innan same periode.
Til dømes så vil ei utleggsforretning gje 10 år forlenga foreldingsfrist frå den dagen utleggsforretninga vart avhalde.
Erkjenning av kravet gir og forlenga foreldingsfrist. Erkjenning kan til dømes vere innbetaling på krav og munnleg og skriftleg kommunikasjon om kravet.

Andre reglar om forelding

Nokre kravtypar har andre reglar for forelding enn den alminnelege regelen.
Bøter har til dømes ein absolutt forelding på 10 år.
Dette betyr at sjølv om det skjer hendingar som normalt gir ny foreldingsfrist, som til dømes ei utleggsforretning, så gjeld ikkje dette bøter.

Ordbok

  • Forelding

    Skjer når kreditor tapar sin rett til oppfylling av krav eller rettigheit fordi kreditoren ikkje har gjort krav innan fastsatte tidsfristar.

  • Utleggsforretning

    Det betyr at SI held eit utlegg for å skaffe dekning for eit krav.

Kontakt oss