Fullmakt og teieplikt

Ein person gir fullmaktspapir til ein annan

Teieplikt

Teieplikt er eit forbod mot å gje opplysningar om personlege forhold til andre enn den opplysningane gjeld.
Teieplikta krev at vi oppbevarer opplysningane på ei sikker måte slik at ikkje andre får tak i dei. Det betyr til dømes at vi ikkje kan sende deg teiepliktige opplysningar på telefaks eller e-post.

Fullmakt

Når du gir ein annan person fullmakt, betyr det at du gir denne personen rett til å handle på dine vegne. Du bør derfor vere medviten på kva du gir andre fullmakt til og kor lenge denne fullmakta skal gjelde.

Som hovudregel krev vi at fullmakta er skriftleg.

Du kan nytte vårt fullmaktskjema.

Kontakt oss