Utleggsforretning

Person som ser to moglege vegar

Du blir alltid varsla før vi held ei utleggsforretning. No har du to mogelege val:

  1. Stanse utleggsforretninga - Hvis du betaler heile kravet kan vi stanse den (sjå lenger ned).

  2. Utleggsforretninga blir halden - Hvis du ikkje kan betale heile kravet må vi halde utleggsforretninga.


Utleggsforretning blir halden - kva skjer no?

I ei utleggsforretning avgjer vi på kva måte det du skulder skal krevjast inn.
I dei fleste tilfella vil ein utleggsforretning gjere at du får betalingsmerknad

  • Utleggstrekk betyr trekk i lønn eller trygd (gjeld også feriepengar). Du blir då trekt ein bestemt sum kvar månad direkte av arbeidsgivaren din eller av NAV.
  • Utleggspant betyr pant i formuesgode, for eksempel fast eigedom, bankkonti eller verdipapir. Vi kan då be om tvangssal av formuesgodet det er teke pant i.

Treng eg å møte opp?
Nei, du treng ikkje møte opp personleg. Alle utleggsforretningar som vi held, er kontorforretningar i lokala våre, og du blir orientert om resultatet i eit eige brev.

Har utleggsforretninga konsekvensar for sambuaren min/ektefelle?
I utgangspunktet har du som skuldnar ansvar for eiga gjeld. Vi kan ikkje ta utlegg i lønna åt sambuaren  eller ektefellen din/trygd. Vi kan heller ikkje ta utlegg i sambuar/parten åt ektefellen av ein eigedom, men i den delen du som skuldnar eig. Vurderer du å ta opp nytt lån eller refinansiere lån kan dette bli vanskelegare når bustaden er delvis teken pant i.

Kva dersom eg ikkje har nok inntekt, eller andre formuesgode?
Dersom du ikkje har nok igjen til livsopphald så set vi ikkje i gong trekk. Men vi gjer jamleg søk etter inntekter og formuesgode. Dersom den økonomiske situasjonen din endrar seg vil vi starte trekk i lønn/trygd eller ta pant i formuesgode, for å dekkje ubetalte krav du har hos oss.

Mottek du økonomisk sosialhjelp frå NAV?
Send vedtaket inn til oss som dokumentasjon på den økonomiske situasjonen din.

VIKTIG: Unngå at du blir trekt for mykje

Dersom vi ikkje har oppdaterte opplysningar om økonomien dine (inntekter og utgifter), kan du få for høgt trekk i lønn eller trygd.

  • Logg inn på Din side og bruk tenesta "Varsel" for å gje opplysningar til SI og få ei førebels berekning.

  • Alternativt. fyll ut økonomiskjema som kom med varselet med riktig inntekt og utgifter (du kan også bruke økonomiskjema på nettet her og laste dette opp ved å logge inn på"Din side").
  • Legg ved dokumentasjon på at det du skriv inn er riktig (dersom du har høve til å skanne dette, eller allereie har det elektronisk kan du laste dette opp ved å logge deg inn på "Din side"). Har du ikkje dokumentasjon i digital utgåve? -  Slik kan du gjere dokument digitale heime


Stanse utleggsforretninga?

Dersom du betaler heile kravet vil utleggsforretninga bli avlyst. Du slepp då betalingsmerknad og at arbeidsgivaren din/NAV blir pålagd å trekkje frå lønna di.

Når er det for seint for meg å betale for å få avlyst utleggsforretninga?

  • Betal med kort
    Når du betaler med "betale med kort"-tenesta vår, bør du betale seinast 2 vyrkedagar før datoen som er sette for utleggsforretninga.
  • Betal i nettbanken
    Når du betaler i nettbanken, bør du betale seinast 7 dagar før datoen som er sett for utleggsforretninga.

NB: Det kan ta inntil 7 dagar før "kravsaldoen" på Din side blir oppdatert etter at du har betalt.

 

 

 

 

 

 

Relaterte spørsmål og svar

Ordbok

  • Varsel

    Underretning til ein part om at rettslege skritt skal foretas dersom kravet ikkje blir betalt.

  • Utleggsforretning

    Det betyr at SI held eit utlegg for å skaffe dekning for eit krav.

  • Formuesgode

    Eit formuesgode kan vere fast eigedom (som for eksempel eit hus, hytte, tom m.m.), bankkonti, verdipapir, bil, båt eller annan verdifull lausøyre som kan omstøytast til pengar ved utleige, sal m.m.

    Vanlege klede, hjelpemiddel som skuldnar treng i yrket eller utdanninga og gjenstandane sine som har særleg personleg verdi for skuldnar, kan likevel ikkje takast utlegg i.

  • Tvangssal

    Vedtak av namsmyndigheit om sal av til dømes eigedom for å oppnå dekning for eit krav.

  • Verdipapir

    Til dømes aksjar, obligasjonar, gjeldsbrev osv.

  • Utleggspant

    Det er når SI tar pant i eigedom, konto eller andre formuesgoder. Eigedom eller anna det er tatt pant i, kan seinare bli tvangsselt til dekning av kravet. SI kan og sende kravsmål til ordinær namsmann om å ta utlegg i lausøyre.

  • Utleggstrekk

    Dette er når SI påleggjer arbeidsgjevar eller trygdekontor å foreta trekk i løn eller trygdeyting.

Kontakt oss