Arbeidsgivar-trekk i lønn hos tilsett

Statens innkrevjingssentral kan dekkje opp uteståande krav ved å ta utlegg, anten i formuesgode som eigedom, eigedelar, kontoar eller i lønn/trygd (gjeld også feriepengar) .

Mann med hjelm

Når Statens innkrevjingssentral tek utlegg i lønn (gjeld også feriepengar), fastset vi at du som er arbeidsgivar skal trekkje ein sum frå lønna til ein tilsett.

Bedrifta vil motta eit brev frå oss som fortel kor mykje de skal trekkje arbeidstakaren per månad og når dette skal avsluttast.

Kva gjer du dersom arbeidstakaren har slutta hos bedrifta?

Gi melding til oss med ein gong og meld om stopp i arbeidsforhold til A-meldinga.

Vi kontaktar den bedrifta som arbeidstakaren er registrert som arbeidstakar hos. Gløymer du å melde frå når de avsluttar eit arbeidsforhold, vil det då vere bedrifta di vi vender oss til.

Er den tilsette langtidssjukemeld?

Er den tilsette sjukemeld over lengre tid, må du som arbeidsgivar ta kontakt med oss snarast, slik at vi får vidareført trekket til NAV.

Nytt lønnstrekk i tillegg til det du allereie trekkjer arbeidstakaren?

Statens innkrevjingssentral har aldri to trekk samtidig, men vi kan ha trekk samtidig med andre, som for eksempel NAV innkrevjing, Skatteetaten eller andre namsmenn.

Dersom vi fastset at ein arbeidstakar skal ha eit nytt lønnstrekk, kjem det i staden for trekket vi tidlegare har bestemt.

Kontakt oss