Solidarinnkrevjing - når fleire er ansvarleg for same krav

Ein for alle - alle for ein. Hender lagt på kvarandre.

Solidarisk ansvar tyder at fleire personar er ansvarlege for å betale det same kravet.
Alle personane er ansvarlege for heile kravet inntil det er innfridd.

For nokon krav er det ein hovudskuldnar og ein eller fleire solidarskuldnarar. Dersom hovudskuldnaren ikkje betalar kravet eller går konkurs, startar vi innkrevjing mot solidarskuldnarane. I desse tilfella startar vi innkrevjinga samtidig mot alle personane.

Korleis blir forseinkingsgebyret fordelt mellom dei solidaransvarlege?

Når ein betaler inn, blir same sum avskriven på dei andre. Betaler ein heile kravet, blir heile kravet avskrive for dei andre.

Eksempel:
De er tre solidaransvarlege og forseinkingsgebyret er på 21 000,- kr.
Betaler du inn ein del på f.eks. 7000,-kr , betyr det at restkravet er 14 000,-kr, men framleis er alle tre, inkluderte deg, ansvarleg for denne restsumen (sjølv om du har betalt "delen din").

Er selskapet sletta eller konkurs?

Sjølv om eit selskap går konkurs eller blir sletta , forsvinn ikkje dei ubetalte krava.
Dersom du er solidaransvarleg (dvs. at du har hatt styreverv eller varaverv i selskapet), vil du framleis vere ansvarleg for ubetalte krav.

Derfor fortset også innkrevjinga sjølv om selskapet er sletta eller konkurs.

Relaterte spørsmål og svar

  • Solidarisk ansvarleg for forseinkingsgebyr?

    Det inneber at du og dei andre styremedlemmane er heilt eller delvis ansvarleg for same krav.

    Selskapet er ansvarleg for å betale eit slikt gebyr. Betaler ikkje selskapet vert styret i selskapet kravd for kravet. Når ein betaler inn, vert same beløp avskrive på dei andre. Betaler ein heile kravet, vert kravet avskrive for dei andre.

Ordbok

  • Solidarskyldnar

    Skyldnar som saman med ein eller fleire andre er medansvarleg i til dømes ei gjeld eller eit lån.

Kontakt oss