Betalingsavtaler
(avdragsordning og betalingsutsetjing)

Du kan innvilge deg sjølv ein betalingsavtale anten ved å logge deg inn eller bruke tenestene på framsida.

Handtrykk - for å vise einighiet om avtale

Du må ha motteke faktura frå oss for å nytte tenestene utan innlogging, du bruker då KID-nummeret og summen på motteken faktura frå SI.

Reglar for betalingsavtale utan innlogging:

Avdrag?

Betalingsutsetjing?

Du kan berre dele opp summen dersom:

  • Du ikkje har meir enn eit ubetalt krav hos oss
  • Du ikkje har misleghalde kravet du søkjer om å dele opp
  • Det ikkje vert berekna renter på kravet.
  • Du er over 18 år

 

Kva krav kan eg ikkje dele opp?

  • NRK-lisens

 

 

Du kan berre utsetje krav dersom:

  • Du ikkje har meir enn eit ubetalt krav hos oss
  • Du ikkje har misleghalde kravet du søkjer om å utsetje
  • Du er over 18 år

 

 

Kva krav kan eg ikkje utsetje?

  • NRK-lisens
  • Krav om erstatning og inndraging

Når du har fått innvilga betalingsutsetjing, får du ny faktura frå oss.

Har du fleire krav må du logge deg inn.

Det kan vere andre årsaker som gjer at du ikkje kan få avdrag eller utsetje betalinga på nettsida vår.
Du må då ta kontakt med oss på telefon 75 14 90 00.

 
Forlenging av ei førebels avdragsordning

Ønskjer du å fortsette med avdragsordninga, må du sende inn ein dokumentert søknad. Søknaden må vere mottatt av oss i god tid før forfallsfristen på siste faktura for å unngå at avtalen går til misleghald.

 

Endre på ei avdragsordning

Du kan endre på ei avdragsordning når du er innlogga på Din side under Betalingsavtaler.

Kva kan du endre?

  • Leggje til nye krav inn i avdragsordninga.
  • Endre forfallsdatoen på det månadlege avdraget som enno ikkje har fått betalingsinformasjon. Endrar du forfallsdatoen vil alle framtidige forfallsdatoar bli endra. Du kan ikkje endre forfallsdatoen dersom det er kortare tid enn 21 dagar til forfallet.
  • Endre summen på det månadlege avdraget. Endrar du summen vil alle framtidige månadssum også bli endra. Avtalen kan ikkje strekkje seg ut over 24 månader og månadleg sum må vere over kr 500,-. Du kan ikkje endre summen på eit avdrag dersom det er kortare tid enn 21 dagar til forfallet på den.
  • Sleppe å betale ein månad. Før du kan sleppe å betale månad må du ha betalt i 6 månader på avtalen utan opphald. Du kan få 2 betalingsfrie månader, anten ein og ein eller to samanhengande, avtalen kan ikkje strekkje seg ut over 24 månader.

Får du ikkje endra avdragsordninga sjølv på nettsida kan du ta kontakt med oss på telefon 75 14 90 00.

 
Kva skjer dersom du ikkje betaler som avtalt?

Dersom du ikkje overheld det vi har avtalt, betyr det at du mister avtalen. Då kan vi leggje på purregebyr på kvart enkelt krav og krevje inn krava i si heilheit.
I verste fall kan dette bety at kravet blir tvangsinnkravd.

 
Korleis kan du unngå at di betalingsavtale går til misleghald?

Betale det avtalte beløpet innan fristen.
Mange trur at vi purrar på inngåtte avtaler og sender påminning uoppfordra, vi purrar IKKJE på ei betalingsavtale.
Du kan bestille påminning dersom fakturaen din ikkje er betalt i tide ved å velje forfallsvarsling.

Reservasjon

Vi har rett til å endre betalingsavtalen dersom vi mottek nye opplysningar om betalingsevna di.

Relaterte spørsmål og svar

  • Samle krava mine i ei betalingsordning?

    Du kan logge deg inn på «Din side», der kan du innvilge deg sjølv ein betalingsavtale på fleire krav.

    Nokre krav blir prioritert føre andre etter lov eller forskrift,  og må betalast fyrst på. Andre krav har vi ikkje høve til å dele opp i avdrag. Du vil få informasjon undervegs i nettsida dersom krava ikkje kan leggjast i ein avtale.

  • Avdragsordning i staden for utleggsforretning?

    Når det er heldt ei utleggsforretning er krava gått til tvangsinnkrevjing.
    Då kan du ikkje lenger få ein avdragsavtale på kravet.

    Du kan likevel sende dokumenterte opplysningar om inntektene og utgiftene dine til oss slik at vi kan vurdere saka di ut frå dei opplysningane du legg fram. Du skal ha igjen pengar til livsopphald etter trekk i lønn eller trygd.

  • Rentefritak eller betalingsutsetjing når studielånet er overført til SI?

    Om studielånet er oppsagt (midlertidig overført til oss), har du framleis rettigheitene dine hos Lånekassen og du må kontakte dei.

    Når studielånet er permanent overført til oss, må du sende søknad om dette til oss.

  • Kan eg få avdragsordning på studielånet?

    Vi har anledning til å vurdere betalingsavtale på studielån, ta kontakt med oss på telefon 75 14 90 00.

  • Sleppe tvangssal - betale avdrag?

    Du vil ikkje kunne få ei slik ordning etter at vi har kravd tvangssal.

    For å sleppe tvangssal må du betale heile kravet.

  • Faktura frå politiet - klarar du ikkje å betale kravet innan fristen?

    Du må vente litt før du tek kontakt med oss eller prøver sjølvbeteninga på denne fakturaen.

    Frå du blei ilagd kravet av politiet (fekk papirgiroen), så tek det 6-8 veker før den kjem inn i systemet vårt.
    Vi har derfor ikkje noko krav å behandle før kravet er kome til oss.

    Når kravet er registrert inn hos oss
    Då sender vi ut ein ny faktura til deg (det kostar deg ikkje noko ekstra at du ventar på vår fyrste faktura til deg).
    KID-nummeret på denne kan du bruke til å lage deg avdragsplan eller utsetjing på kravet. Du finn sjølvbeteninga på framsida.

  • Betalingsopplysningar – kor finn eg det?

    Vårt kontonummer er 7694.05.12057.
    Bruk KID-nummer frå tilsendt betalingsblankett ved innbetaling. KID-nummeret har alltid enten 15 eller 23 teikn. Dersom siste teiknet i KID-nummeret er eit minusteikn "-", skal dette takast med.


    Manglar du KID-nummer, må du oppgi vår referanse eller kravnummer som betalingsinformasjon.

    Betaling frå land utanfor Noreg skal gjerast til:
    IBAN NO98 7694 0512 057
    BIC (SWIFT) DNBANOKK

    Adresse:
    DNB
    PB 1600 Sentrum
    NO-0021 OSLO.

  • Feil KID-nummer?

    Dersom du får melding om at KID-nummer er feil kan dette ha fleire årsaker:

    • Teikn manglar - KID-nummeret har anten 15 eller 23 teikn. Dersom det siste teikna i KID-nummeret er eit minusteikn "-", skal dette takast med.
    • Faktura frå Politiet - KID-nummeret står på ein faktura du fekk frå Politiet. Det tek 3-6 veker før dette blir registrerte inn i systemet vårt og då blir den gitt eit nytt KID-nummer. Dersom du vil lage avdrag, utsetje eller betale med kort på nettsida vår, må du vente til du får faktura frå oss med nytt KID-nummer.

    • Krav som ikkje er lov å dele opp/utsetje - KID-nummeret du bruker tilhøyrer eit krav som ikkje kan delast opp i avdrag eller utsetjast

    • Du har meir enn eitt krav - Du kan ha andre krav som må inngå samtidig i betalingsordninga, du må då logge deg på for å få avdrag eller utsetjing.

Ordbok

  • Mishald

    Kontraktsbrot. Til dømes når eit krav ikkje kan bli betalt innan forfallsdato.

Kontakt oss