Livsopphaldssatsar

Livsopphald er de summen du minimum skal sitje igjen med etter at:
- du har betalt dei faste buutgiftene dine, eventuelle utgifter til barnepass eller barnebidrag.
- vi har trekt deg i lønn/trygd, teke dekning i skattepengar du hadde til gode eller vi har teke utleggspant i ein bankkonto

Pengepung med matvarer i

Kva er rekna inn i satsen for livsopphald?

I satsane for livsopphald (fastsette av Barne- og likestillingsdepartementet) er det rekna inn utgiftene du har til mat og drikke, klede og sko, straum og fyring, helse, hygiene, telefon, avis, TV, reiser, daglegvarer, møbel, og så vidare. Storleiken på desse utgiftene varierer ut frå livssituasjonen din, om du bur saman med nokre andre vaksne, om du forsørgjer barn, om du bur på institusjon eller i eit land med med eit anna leve- og kostnadsnivå enn Noreg.

Livsopphaldssatsar

Satsane for livsopphald er fastsette av Barne- og likestillingsdepartementet.

Har du for lite til livsopphald (samanlikna med livsopphaldssatsen)?

Då kan det vere at du har utgifter som SI ikkje kjennar til. Derfor er det viktig at du sender inn dokumentasjon på utgifter vi kan ta omsyn til i berekninga av trekket, før trekket blir gjort. Dersom du ikkje sender inn dokumentasjon blir det brukt stipulerte sum på for eksempel husleige. I realiteten kan du ha høgare buutgifter enn dette.

Klage på for høgt trekk

Dersom trekket er sett for høgt er det viktig at du så snart som mogeleg klagar på trekket - slik at trekket blir riktig justert framover.

Får du tilbakebetalte pengar som er trekte for mykje?

Du skal ha pengar igjen til livsopphald, men har du ikkje sendt inn dokumentasjon før trekket startar, så er hovudregelen er at vi ikkje tilbakebetaler pengar du allereie har blitt trekt. Pengane blir brukte til å betale ned på det ubetalte kravet.

Har du klaga og fått medhald i at trekket skal reduserast, så tilbakebetaler vi trekk som er gjord etter at vi mottok klaga di.

Slik reknar vi når vi må trekkje deg for å dekkje ubetalte krav

Frå inntekta di (nettolønn eller trygd, barnetrygd, m.m.)
-  trekkjer vi frå utgifter du har (buutgifter, barnepass, m.m.)
-  og vi trekkjer frå dei månadlege trekka dine til SI for å betale på kravet
= det du har igjen skal vere nok til livsopphald
(sjå livsopphaldssatsar for kva som er livsopphaldet ditt)

 



 

 

 

 

 

 

 

 

 

Ordbok

  • Gjeldsordning

    Dette er ei ordning som tar sikte på at privatpersonar med alvorlege gjeldsproblem skal få kontroll over økonomien sin (regulert av gjeldsordningsloven).

  • Ettergjeving

    At den du skylder penger til (kreditor) sletter heilt/delvis gjeld eller renter.

  • Utleggspant

    Det er når SI tar pant i eigedom, konto eller andre formuesgoder. Eigedom eller anna det er tatt pant i, kan seinare bli tvangsselt til dekning av kravet. SI kan og sende kravsmål til ordinær namsmann om å ta utlegg i lausøyre.

  • Utleggstrekk

    Dette er når SI påleggjer arbeidsgjevar eller trygdekontor å foreta trekk i løn eller trygdeyting.

Kontakt oss