Endre trekk i lønn

Meiner du at trekket er for høgt?

Når vi skal trekkje deg i lønn eller trygd bruker vi opplysningar vi har om økonomien din.
Dersom du ikkje har sendt inn opplysningar til oss før trekket skulle starte bruker vi ein del standardsatsar på bla. husleige. Og vi bruker inntekter frå førre år si likning, dvs. det du tente i fjor.

Det kan også vere andre årsaker til at trekket bør endrast:

  • Dersom du har fleire utgifter vi kan ta omsyn til (les meir)
  • Dersom sivilstatusen din er endra og du er blitt aleine om utgiftene

NB: Din søknad om lågare trekk vil ikkje automatisk gi lågare trekk.
Vi vurderer dei opplysningane vi har, og nye opplysningar du gir oss, for å berekne om trekket er riktig.

 Korleis søkjer du om lågare trekk?

1. Logg deg inn på Di side og bruk tenesta "Klage på trekk i inntekta di".
Alternativt, fyll ut søknadsskjemaet under.


Søknadsskjema (word)
Du kan skrive direkte i skjemaet og lagre dette som eit PDF

Søknadsskjema (PDF)
Dette skjemaet kan du skrive ut på papir, fylle inn med penn og sende inn. I staden for å sende det i posten kan du kan ta bilete av skjemaet og lagre det som ei fil, eller skanne det til fil.

2. Dokumentasjon

Skann inn relevant dokumentasjon, dersom du ikkje allereie har dette i digitalt format.

Har du ikkje dokumentasjon i digital utgåve? (tips)

3. Logg inn og last opp

  • Klikk på "Logg inn - Se Din side"-knappen
  • Vel "Kontaktskjema" og legg ved det utfylte søknadsskjemaet og dokumentasjonen på opplysningane du gir.

Du kan sende søknaden som vanleg post til oss, men du får raskare svar dersom du loggar deg inn og sender søknaden digitalt.

Får du meldinga "Vi beklager teknisk feil" ved opplastinga?
Mogelege årsaker til feilmeldingar

VIKTIG - Uansett korleis du vel å sende søknaden:
Når vi saksbehandlar tek vi ikkje omsyn til opplysningar (f.eks. om utgifter) som du ikkje har dokumentert. Legg ved dokumentasjon på at dei opplysningane du skriv i søknadsskjemaet er riktige.

Slik bereknar vi eit trekk.

Dine rettar

Du skal ha pengar igjen til livsopphald. Dette betyr at dersom berekninga vår viser at du ikkje har nok igjen til å kunne leve for, vil vi ikkje setje i gong trekk.

Kva skjer når du har sendt inn søknadsskjema?

Vi behandlar søknaden innan 3 veker frå vi har motteke den. Dersom vi endrar eller stansar trekket, blir det sendt opplysning til trekkpliktig (arbeidsgivar eller NAV) om dette. Send ikkje sensitive eller fortrulege opplysningar med e-post, logg inn og last opp, det er det sikraste og raskaste.