eFaktura

eFaktura logo


Slik går du fram for å få eFaktura:

  1. Logg inn i nettbanken din.
  2. Registrer dei 8 fyrste siffera i KID-nummeret på motteken faktura som eFakturareferanse.
  3. Neste rekning vil då kome som eFaktura.

Du kan berre opprette eFaktura for dine eigne betalingar i nettbanken din. Årsaka er at fakturaen kan innehalde informasjon som har teieplikt og derfor berre skal vere synleg for deg. Det betyr at du kan ikkje opprette eFaktura i nettbanken din for eit krav ein annan person skulder oss.

Kvifor eFaktura?

  • Enkelt - du slepp å taste inn lange KID-nummer og anna betalingsinformasjon. Det einaste du treng å gjere i nettbanken er å godkjenne rekninga når du vil betale.
  • Riktige opplysningar - rekninga er utfylt på førehand, derfor blir opplysningane alltid korrekte.
  • Påminning - du kan be nettbanken din sende e-post når ein ny eFaktura ligg klar.
  • Tilgjengeleg - du har alltid rekninga tilgjengeleg i nettbanken.
  • Oversikt - du ser kva rekningar som er betalt og ikkje, og kan samanlikne med førre rekning.
  • Miljøvennleg - det blir mindre papirproduksjon og transport.

Relaterte spørsmål og svar

  • Har eFaktura - fekk rekning i posten likevel?

    Årsaker til dette kan vere:

    • Du kan ha bestilt eFaktura etter at vi har sendt ut rekninga.

    • Avtalen ikkje vart godkjent.

    • Avtalen vart ikkje godkjent fordi referansenummeret var feil i nettbanken.

    • Varsel om tvangsinnkrevjing og utsending av fakturaer for nokre kravtypar, vert sendt i vanleg post.

  • Kva er min eFaktura-referanse hos dykk?

    Registrer dei 8 fyrste siffera i KID-nummeret på motteken faktura som eFakturareferanse.

  • Endre beløp og forfallsdato på ein eFaktura?

    Du kan endre beløp, forfallsdato og kva konto som skal verte belasta.

    Dersom du flyttar forfallsdato til seinare enn den opprinnelege,  eller du reduserar beløpet på ein eFaktura - må du avtale endringane med oss først slik at kravet ditt ikkje blir misleghalde.

    Blir kravet misleghalde, vil du få purring og gebyr i tillegg.

  • Kostar det noko med eFaktura?

    Nei, det kostar ingenting med eFaktura.

  • Seie opp ein eFaktura?

    Du må sjølv seie opp avtalen i nettbanken din. Avtalen er mellom banken og deg.
    Derfor nyttar det ikkje å gi oss beskjed om at du ønskjer oppseiing.

  • Betalingsopplysningar – kor finn eg det?

    Vårt kontonummer er 7694.05.12057.
    Bruk KID-nummer frå tilsendt betalingsblankett ved innbetaling. KID-nummeret har alltid enten 15 eller 23 teikn. Dersom siste teiknet i KID-nummeret er eit minusteikn "-", skal dette takast med.


    Manglar du KID-nummer, må du oppgi vår referanse eller kravnummer som betalingsinformasjon.

    Betaling frå land utanfor Noreg skal gjerast til:
    IBAN NO98 7694 0512 057
    BIC (SWIFT) DNBANOKK

    Adresse:
    DNB
    PB 1600 Sentrum
    NO-0021 OSLO.

Kontakt oss