Dokumentasjon

For å kunne behandle saka din treng vi i mange tilfelle å få dokumentert den økonomiske situasjonen din. Saman med skjemaa du sender, må du leggje dokumentasjon på at dei opplysningane du skriv er riktige. Når vi saksbehandlar kan vi ikkje ta omsyn til opplysningar (f.eks. om utgifter) som du ikkje har dokumentert.

Husleigeavtale som døme på dokumentasjon for utgifter

Hvilken dokumentasjon må du sende oss?

• kopi av regninger på barnepass, kommunale avgifter og boligforsikring
• oversikt over annen gjeld
• bekreftelse på mottak eller betaling av bidrag
• vedtak på bostøtte eller sosialstønad
• kopi av husleiekontrakt eller nedbetalingsplan for boliglån
• vedtak fra Nav, for eksempel uførevedtak eller tiltaksplan ved AAP
• bekreftelse fra kvalifisert helsepersonell ved varige helseplager som gir nedsatt betalingsevne (Ikke nødvendig hvis du har lagt ved uførevedtak)
• verdivurdering eller takst av fast eiendom/bolig


I nokre tilfeller kan vi og ta omsyn til andre dokumenterte utgifter:

  • Høge straumutgifter
    Har du veldig høge straumutgifter, må du sende oss dokumentasjon på kostnadane av eit heilt års forbruk av straum/oppvarming. Deretter vil vi rekne eit gjennomsnitt per månad.
  • Samvær med barn
    Har du samvær med barn, treng vi kopi av samværsavtalen og kopi av kvitteringar for reiseutgifter du har plikt til å betale.
  • Transport til og frå arbeidsstaden
    Om du må bruke bil til og frå arbeidsstaden, må du sende oss ei stadfesting frå din arbeidsgjevar på at du må køyre x antal kilometer per dag, kopi av rekning for årsavgift og forsikring på bilen. Vi kan og ta omsyn til ein del utgifter til billån.
  • Ekstraordinære utgifter
    Du må og dokumentere ekstraordinære utgifter, som til dømes høge tannlegeutgifter, utgifter til konfirmasjonen åt barnet ditt (ikkje gåve) eller utskifting av kvitevarer.

Relaterte spørsmål og svar

Kontakt oss