Gjeldsproblem?

Full postkasse

Kva kan du gjere dersom du har gjeldsproblem?

  • Det er viktig å handle raskt. Gjeldsproblema blir verre til lengre du ventar.
  • Sett opp eit realistisk budsjett over inntekter og naudsynte utgifter. Finn ut kor mykje du har til å betale kreditorane.
  • Ta kontakt med kreditorene og forklar situasjonen. Lag eit forslag til løysing. Er det mulig å lage ein nedbetalingsplan for gjelda.
  • Prøv å få i stand ei betre avtale med kreditorane. Ta utgangspunkt i din noverande betalingsevne. Ikkje tilby meir, men heller ikkje mindre, enn du veit du kan klare.
  • Sørg for dokumentasjon ved kopi av hushaldsbudsjett, lønnsslipp, kvitteringar for betalte rekningar, oversikt over pant som hefter ved eigedelar m.v.
  • Sett deg inn i dine rettigheiter og plikter. Om naudsynt, søk hjelp.

 

Kor kan du søkje råd og hjelp?


Kontakt gjeldsrådgjevar i din kommune!

NAV har og eigen rådgjevingstelefon: 55 55 33 39.

Kommunal gjeldsrådgjeving er gratis, og du har rett til hjelp og bistand. Gjeldsrådgjevaren kan mellom anna hjelpe deg med å:

  • Sette opp eit hushaldsbudsjett
  • Gi råd om tilpasningar i økonomien
  • Orientere deg nærmare om dine rettigheiter

I dei fleste kommunar kan du og få hjelp til å kontakte kreditorane, utarbeide forslag til løysing og forhandle om ei avtale.

Nokre bankar gir gratis råd og rettleiing til sine lånetakarar.

I tillegg finnast private rådgjevingsfirma. Desse tar betalt for sine tenester.

Du kan søkje namsmannen om ei gjeldsordning dersom du ikkje får til ei løysing sjølv eller ved hjelp av gjeldsrådgjevar.

 

Statens innkrevjingssentral sine ordningar for personar med gjeldsproblem

  • Vi kan i mange saker tilby avdragsordningar eller kortvarig betalingsutsetjing. Kanskje dette kan hjelpe dersom gjeldsproblemet er kortvarig?
  • Vi kan ettergi nokre krav dersom du er varig ute av stand til å betale kravet. Vi vil sende søknaden vidare til rette instans dersom vi ikkje har fullmakt til å behandle saka.
  • Vi kan ikkje ettergi straffekrav. Bøter må sonast dersom dei ikkje betalast. Du kan søkje om nådegjeving, men reglane er strenge.
  • Vi kan ikkje ettergi erstatningskrav, det er kun dei skadelidne som kan gjere dette. Du kan sende søknad til oss, og vi vil vidaresende den til rette instans.
  • Vi kan delta i gjeldsordningar. Vi bruker gjeldsordningslova for privatpersonar som hjelpemiddel ved vurdering av alle gjeldsordningar.

Ordbok

  • Gjeldsordning

    Dette er ei ordning som tar sikte på at privatpersonar med alvorlege gjeldsproblem skal få kontroll over økonomien sin (regulert av gjeldsordningsloven).

  • Kreditor

    Den som har pengar til gode.

  • Namsmann

    Offentleg tenestemann som har myndigheit til å krevje inn krav ved tvang.

Kontakt oss