Betalingsmerknader

Ein betalingsmerknad vil gjere det vanskeleg å få nye lån, kredittar og abonnement (til dømes mobilabonnement).

Dokument med teksten

Når kan du få ein betalingsmerknad?

  • Når det er registrert eit utleggstrekk på deg
  • Når det er registrert utleggspant i eigedom, konto eller verdipapir
  • Når du har rettsleg eller tvungen gjeldsordning
  • Når du er registrert personleg konkurs

Når skal merknaden din slettast?

  • Når krav i utleggstrekk/utleggspant er oppgjort i si heilheit, eller dersom utleggstrekket er stansa av andre årsaker
  • Når utleggspantet er sletta
  • Når ei gjeldsordningsperiode er gjennomført
  • Når ei bubehandling er avslutta
  • Når det er gått i 4 år frå registreringsdato

Kor raskt går slettinga?

Frå vi har motteke oppgjeret frå deg, tek det vanlegvis ikkje ta meir enn 1-3 dagar før betalingsmerknaden blir sletta i Løsøreregisteret. Blir du trekt i lønn for å gjere opp kravet? Då blir ikkje betalingsmerknaden sletta før arbeidsgivaren din har betalt inn alle trekksumane på kontoen vår.

NB: Finans- og kredittinstitusjonar sender førespurnad til Løsøreregisteret og opplysningane blir brukt når dei skal vurdere lån eller kreditt. Dersom dei ikkje dagleg sender førespurnad så kan du oppleve at opplysningane deira ikkje er oppdaterte.

Kven kan opplyse om betalingsmerknader?

Det er ulike kredittselskap som har konsesjon frå Datatilsynet til å drive kredittopplysning.


Kven har gitt deg betalingsmerknad?

Det er kredittopplysningsbyråene som registrerer betalingsanmerkninger på bakgrunn av tvangsinnkrevingstiltak.
Hvis det er våre tvangsinnkrevingstiltak som medfører betalingsanmerkning, så finner du ubetalte krav og pant vi har tatt ved å logge deg inn på "Din side".

Finn du ikkje noko uoppgjort hos oss, men er likevel oppført med betalingsmerknad frå "namsmakt" (namsmyndighet) hos kredittopplysningsbyrået? Då er ikkje betalingsmerknaden frå Statens innkrevjingssentral, men frå ein annan namsmann.

Annan namsmann i Noreg er:

  • NAV innkrevjing
  • Skatteetaten
  • Lokal skatteoppkrevjar (kemner)
  • Alle politi- og lensmannskontor, namsfogd (fut) i store byar.

Dersom du ikkje veit om det er politi/lensmann eller namsfogd du skal kontakte, kan det vere enklare å kontakte kreditoren/inkassobyrået (den du opphavleg skulde pengar) for å få informasjon om kven dei har bedt om å krevje inn .

Relaterte spørsmål og svar

  • Trekk i løn/trygd stansa - vert betalingsmerknaden sletta?

    Ja, vi gir beskjed til lausøyreregisteret som slettar merknaden.

  • Betalingsopplysningar – kor finn eg det?

    Vårt kontonummer er 7694.05.12057.
    Bruk KID-nummer frå tilsendt betalingsblankett ved innbetaling. KID-nummeret har alltid enten 15 eller 23 teikn. Dersom siste teiknet i KID-nummeret er eit minusteikn "-", skal dette takast med.


    Manglar du KID-nummer, må du oppgi vår referanse eller kravnummer som betalingsinformasjon.

    Betaling frå land utanfor Noreg skal gjerast til:
    IBAN NO98 7694 0512 057
    BIC (SWIFT) DNBANOKK

    Adresse:
    DNB
    PB 1600 Sentrum
    NO-0021 OSLO.

Ordbok

  • Verdipapir

    Til dømes aksjar, obligasjonar, gjeldsbrev osv.

  • Gjeldsordning-tvungen

    Dette er ei gjeldsordning der skyldnaren utarbeidar eit forslag til gjeldsordning. Forslaget vert sendt ut frå tingretten til alle kreditorane med ein frist til å kome med merknader. Tingretten skal samtidig kalle inn skyldnaren og alle kreditorane til eit rettsmøte for å behandle forslaget. Det er ingen møteplikt for kreditorane på dette møtet. Retten vil etter ei vurdering anten stadfeste eller nekte å stadfeste skyldnaren sitt forslag til gjeldsordning.

  • Utleggspant

    Det er når SI tar pant i eigedom, konto eller andre formuesgoder. Eigedom eller anna det er tatt pant i, kan seinare bli tvangsselt til dekning av kravet. SI kan og sende kravsmål til ordinær namsmann om å ta utlegg i lausøyre.

  • Utleggstrekk

    Dette er når SI påleggjer arbeidsgjevar eller trygdekontor å foreta trekk i løn eller trygdeyting.

Kontakt oss