Utleggspant

Utsyn over hustak

Dersom du har krav til tvangsinnkrevjing, kan vi ta utleggspant i dine formuesgoder (eigedelar).
Dette gir oss ein panterett som vi kan nytte for å få dekka ubetalte krav.


Før eit utleggspant

For å etablere eit utleggspant, må vi halde ei utleggsforretning. Du blir alltid varsla før vi held ei utleggsforretning. 


Kva reknast som formuesgode?

Eit formuesgode kan vere fast eigedom (hus, hytte, tomt m.m.), bankkonti, verdipapir, bil, båt eller anna verdifullt lausøyre. Hovudregelen er at utlegg kan takast i eitkvart formuesgode som tilhøyrer skyldnar på beslagstida.

Vanlege kle, hjelpemidlar som skyldnar treng i sitt yrke eller utdanning og ting som har særleg personleg verdi for skyldnar, kan likevel ikkje takast utlegg i.


Realisering av utleggspant (tvangssal)

Når vi har tatt utleggspant i eit formuesgode, kan vi nytte dette pantet som grunnlag for tvangssal for å få dekka dei ubetalte krava dine. Når realiseringa (salet) av pantet er gjennomført, blir utlegget sletta.


Korleis slette eit utleggspant

For å få sletta eit utleggspant må du betale krava som er grunnlag for utleggspantet.


Følgjer av utleggspant for sambuar/ektefelle?

Som skyldnar har du ansvar for eiga gjeld. Vi tar ikkje utleggspant i sambuars/ektefelles del av eigedom. Vi kan berre ta utlegg i den delen du som skyldnar eig.

Eit utleggspant får føljer for sambuar eller ektefelle sin moglegheit til å ta opp lån på eigedom, der deler av eiendommen er tatt utleggspant i.


Klage på utleggspant

Du kan klage på utleggspantet fram til vi har bedt om tvangssal av det aktuelle formuesgodet.

Relaterte spørsmål og svar

Ordbok

  • Utleggspant

    Det er når SI tar pant i eigedom, konto eller andre formuesgoder. Eigedom eller anna det er tatt pant i, kan seinare bli tvangsselt til dekning av kravet. SI kan og sende kravsmål til ordinær namsmann om å ta utlegg i lausøyre.

  • Formuesgode

    Eit formuesgode kan vere fast eigedom (som for eksempel eit hus, hytte, tom m.m.), bankkonti, verdipapir, bil, båt eller annan verdifull lausøyre som kan omstøytast til pengar ved utleige, sal m.m.

    Vanlege klede, hjelpemiddel som skuldnar treng i yrket eller utdanninga og gjenstandane sine som har særleg personleg verdi for skuldnar, kan likevel ikkje takast utlegg i.

  • Panterett

    Særleg rett til å skaffe dekning for krav i eit eller fleire formuesgoder.

  • Utleggsforretning

    Det betyr at SI held eit utlegg for å skaffe dekning for eit krav.

  • Varsel

    Underretning til ein part om at rettslege skritt skal foretas dersom kravet ikkje blir betalt.

  • Verdipapir

    Til dømes aksjar, obligasjonar, gjeldsbrev osv.

  • Utlegg

    Sikring av krav ved til dømes utleggstrekk eller utleggspant.

  • Tvangssal

    Vedtak av namsmyndigheit om sal av til dømes eigedom for å oppnå dekning for eit krav.

Kontakt oss