Trafikk og kjøretøy

Person som tar på seg bilbelte.

Bøtesatsar og prikkbelasting

Bøtesatsar for brot på vegtrafikklovgivinga vert fastsett i statsråd.

Oversikt over prikkbelasting, finn du på Samferdselsdepartementet sine nettsider.


Årsavgift (vegavgift) for kjøretøy

Det er den som er registrert som eigar av kjøretøyet 1. januar, som tar i mot kravet om årsavgift. Då er betalingsfristen 21. mars. Det kan i visse tilfelle vere andre betalingsfristar.
Meir informasjon om årsavgift finn du på Tollvesenet sine nettsider.

Dersom du ikkje betalar årsavgifta innan forfall, blir kravet sendt til oss for tvangsinnkrevjing.

Relaterte spørsmål og svar

  • Kjøretøyet er seld. Kvifor vert kravet sendt til meg?

    Det er den som er registrert som eigar av kjøretøyet 1. januar, som tar i mot krav om årsavgift.
    Oppgjer mellom tidlegare eigar og ny eigar er ei privat sak som ikkje vedkjem oss.
    For meir opplysningar, sjå tollvesenet.

  • Betalingsutsetjing eller avdrag på årsavgifta på motorvogn?

    Du kan ikkje få betalingsutsetjing eller avdrag på årsavgifta, kravet er kome til oss for tvangsinnkrevjing.
    Vi tar utlegg i løn, trygd eller andre formuesgoder dersom du ikkje betaler.

  • Eg har vraka bilen min - må eg betale årsavgift?

    Ved vraking gjeld spesielle reglar for tidspunktet du vraka kjøretøyet.
    For meir opplysningar, sjå tollvesenet.

  • Faktura frå politiet - klarar du ikkje å betale kravet innan fristen?

    Du må vente litt før du tek kontakt med oss eller prøver sjølvbeteninga på denne fakturaen.

    Frå du blei ilagd kravet av politiet (fekk papirgiroen), så tek det 6-8 veker før den kjem inn i systemet vårt.
    Vi har derfor ikkje noko krav å behandle før kravet er kome til oss.

    Når kravet er registrert inn hos oss
    Då sender vi ut ein ny faktura til deg (det kostar deg ikkje noko ekstra at du ventar på vår fyrste faktura til deg).
    KID-nummeret på denne kan du bruke til å lage deg avdragsplan eller utsetjing på kravet. Du finn sjølvbeteninga på framsida.

Kontakt oss