Sletting av krav (ettergjeving)

Viskelêr og papir

Søkje om sletting?

•Søknaden må vere skriftleg.


•Du må vere tydeleg på kvifor du meiner eit krav skal slettast.


•Legg ved relevant dokumentasjon.

 

Kva skjer når du har sendt ein søknad om sletting?

I dei fleste tilfella må vi sende søknaden vidare til våre oppdragsgjevarar.
Dei eineste sakene som vi kan avgjere er purregebyr på bøter, studielån og sakskostnadar som er tilkjent det offentlege i sivile saker.

Vi vurderar om sletting av krav kan vere støtande ovanfor samfunnet for øvrig. Det vil til dømes vere støtande om du med vilje forverrar din økonomiske situasjon med hensikt, for å oppnå ei ettergjeving.

Sjølv om du søkjer om å få sletta eit krav, stansar vi ikkje innkrevjinga medan søknaden er under behandling.


Spesielt om sletting av krav for:

Bøter, sakskostnader og inndragingar

SI har ikkje fullmakt til å ettergi straffekrav. Vi kan sende søknaden vidare til dei rette myndigheiteneene dersom du ønskjer det. Reglane for å få ettergitt straffekrav er svært strengje. Manglande betalingsevne er i seg sjølv ikkje grunn nok til å få ettergitt/gitt nåde for straffekrav. For å få ettergitt straffekrav må det ha oppstått ekstraordinære omstende som gjer det urimeleg å forlange at du skal betale. Omstenda må normalt ha oppstått etter du blei ilagt kravet. Politiet kan fastsetje at du må sone i fengsel for bøter du ikkje klarer å betale. 

Erstatningskrav

SI krevjar inn erstatningskrav på vegner av dei som skal ha erstatning. Det er berre dei som skal motta erstatning som kan ettergi heile eller delar av kravet. Vi kan vidaresende søknaden om sletting av erstatningskrav til den som skal ha erstatninga.

Studielån 

SI kan ettergi studielån, heilt eller delvis, dersom vi meiner det er umogeleg å krevje det inn. Betalingsevna din må då vere varig sterkt nedsett. Det betyr at du ikkje har moglegheit til å betale studielånet innanfor eit rimeleg tidsrom. Betalingsvanskane dine må ikkje vere mellombelse, for eksempel på grunn av kortvarig arbeidsløyse eller sjukdom. Vi kan ikkje ettergi studielån dersom det virke støytande på andre.

Ettergiving på grunn av uførleik?

Mellombels oppsagt studielån

Dersom lånet ditt er mellombels oppsagt, kan du framleis ha rett til å få sletta heile eller delar av lånet dersom du blir minst 50 % varig ufør. Retten til å få sletta gjeld er avhengig av bruttoinntekta di. Dersom du mottek arbeidsavklaringspengar, vil du ikkje få sletta gjeld hos Lånekassen, men du kan i staden ha rett til betalingsutsetjing og rentefritak. Det er Lånekassen som behandlar slike søknader.

Permanent overførd studielån

Har du misleghalde lånet ditt i meir enn tre år, kan Lånekassen fastsetje at lånet ditt skal bli permanent overført til SI. Dersom studielånet ditt blir permanent overført til SI, mister du alle rettar som kunde i Lånekassen. Du kan då ikkje få ettergitt studielån ved uførleik, og du mister også retten til å få rentefritak og betalingsutsetjing.

Forseinkingsgebyr

For at vi skal inngå ein avtale om å redusere kravet ditt, må du tilby å betale det du er i stand til. Vi kan inngå avtalar som vil gi betre dekning enn om vi fortset å krevje inn forseinkingsgebyret. Vi kan ikkje gå med på avtalar som verkar støytande på andre. Det at noko er støytande, betyr at andre kan reagere negativ på at vi reduserer kravet ditt.

Dersom du vil søkje om sletting av forseinkingsgebyr på andre grunnlag enn nedsett betalingsevne, må du sende søknaden direkte til Regnskapsregisteret i Brønnøysund.

 

Relaterte spørsmål og svar

Ordbok

  • Nådegjeving

    Å ettergje ei straff. Ei bot er ei straff, og det å ettergje ei bot vert derfor kalla ei nådegjeving.

  • Støtande

    Ofte nytta i tilknyting med forhold som gjer at samfunnet vil reagere dersom skyldnaren får ei gjeldsordning. Det kan til dømes vere dersom skyldnaren på ein illojal måte har innretta seg med sikte på å få ei gjeldsordning, ved bevisst å gje feilaktige opplysningar eller unnlate å betale rekningar.

  • Oppdragsgjevar

    Eigar av kravet. Til dømes NRK for NRK-lisensen.

  • Ettergjeving

    At den du skylder penger til (kreditor) sletter heilt/delvis gjeld eller renter.

Kontakt oss