Trekk i lønn eller trygd
(utleggstrekk)

Tavle med teikn for pluss, minus, multiplikasjon og divisjon.

Utleggstrekk i lønn eller trygd (gjeld også feriepengar), dvs lønnstrekk , tyder at du blir trekt eit bestemt beløp kvar månad direkte av arbeidsgjevaren din eller av NAV.


Før utleggstrekket

Før vi trekk i lønn eller trygd har det vore halde ei utleggsforretning. Du blir alltid varsla før vi held denne. I ei utleggsforretning avgjer vi om det du skylder skal verte kravd inn ved utleggstrekk eller utleggspant, eller begge deler.

Kva bør du gjere?

  • Sjekk om opplysningane i varselet er korrekt eller om vi manglar opplysningar.
  • Nye opplysningar må sendast inn og dokumentasjon må ligge ved.
  • Send skjema og dokumentasjon til oss i posten.


Korleis gjer vi berekninga?

  Inntekter (nettolønn eller trygdeyting, barnetrygd, m.m.)
- Utgifter (bu utgifter, barnepass, m.m.)
- Livsopphald                                                                                                                          
= Månadleg trekk

Dersom berekninga vår viser at du ikkje har nok igjen til å kunne leve for (livsopphald), vil vi ikkje sette i gang trekk.


Gjennomføring av utleggstrekk

Dersom vi avgjer at eit utleggstrekk skal settast i gang, pålegg vi din arbeidsgjevar eller NAV å utføre trekket. Arbeidsgjever eller NAV er pliktig etter lova å utføre det trekket vi ber om.
Eit utleggstrekk vil sannsynlegvis gi deg ein betalingsmerknad.


Endre trekk?

Dersom du meinar at berekningsgrunnlaget ikkje er korrekt, må du sende inn ein dokumentert førespurnad til oss.
Logg inn på Di side og bruk tenesta "Klage på trekk i inntekta di", eller bruk Klageskjema.

 

Følgjer av trekk i lønn eller trygd for sambuar/ektefelle?

Som skyldnar har du ansvar for eiga gjeld. Vi tar ikkje utlegg i sambuars/ektefelles lønn eller trygd, men i lønn eller trygd du som skyldnar tar i mot.

Det er mogleg for oss å berekne trekket ut frå husholdningen sine samla inntekter og utgifter.

Trekket kan få følgjer for sambuar eller ektefelle, fordi hushaldets inntekt vert mindre i trekkperioden.


Klage på utleggstrekk?

Dersom du ønskjer å klage på eit trekk, må du sende den skriftleg med opplysningar om din økonomi. Desse opplysningane må dokumenterast.

Relaterte spørsmål og svar

Ordbok

  • Betalingsmerknad

    Ein betalingsmerknad er ein merknad registrert på deg som person eller på eit foretak, om at du/foretaket har ein ubetalt inkassosak, forliksdom, utlegg, lønnstrekk eller er konkurs.

  • Livsopphald

    Med livsopphald meiner ein det som ein med rimelegheit treng for å forsørgje skyldnar og skyldnaren sin husstand. Livsopphaldssatsar ved utleggstrekk.

  • Varsel

    Underretning til ein part om at rettslege skritt skal foretas dersom kravet ikkje blir betalt.

  • Utleggspant

    Det er når SI tar pant i eigedom, konto eller andre formuesgoder. Eigedom eller anna det er tatt pant i, kan seinare bli tvangsselt til dekning av kravet. SI kan og sende kravsmål til ordinær namsmann om å ta utlegg i lausøyre.

  • Utleggsforretning

    Det betyr at SI held eit utlegg for å skaffe dekning for eit krav.

  • Utleggstrekk

    Dette er når SI påleggjer arbeidsgjevar eller trygdekontor å foreta trekk i løn eller trygdeyting.

  • Stoppmelding

    Stoppmelding blir send deg når eit trekk i lønn eller trygd blir stansa.
    Det kan vere fleire årsaker:
    - ein annan kreditor har større rett (prioritet) på å få betalt sitt. Då må kravet vårt vente mens eit anna krav blir gjort opp fyrst.
    - det er ikkje nok pengar igjen til å leve for (ikkje nok til livsopphald).
    - kravet er oppgjort/nedbetalt.

Kontakt oss