Utlandet

Statue

Innkrevjing i utlandet

Dersom du har uteståande krav, kan vi krevje inn beløpet sjølv om du bur i utlandet.

Korleis krev vi inn i utlandet?

  • Landa i Norden samarbeidar om innkrevjinga av bøter og sakskostnadar. Vi kan be om at myndigheitene i eit anna nordisk land krev inn pengane frå deg.
  • Vi nyttar og Visma Collectors AS som inkassobyrå i utlandet. Visma Collectors AS samarbeidspartnarar i dei forskjellege landa tek seg av innkrevjinga.
    Når vi har overført eit krav til Visma Collectors AS, kjem det i tillegg ekstra kostnadar som du må betale.
    Førespurnaden du har om innkrevjinga må du då rette til det aktuelle inkassobyrået som har overtatt innkrevjinga.


Vi tilbakekallar ikkje krav som er overført til utlandet.

For at kravet ikkje skal bli dyrare enn naudvende, tilrår vi at du tek kontakt med oss før kravet går til tvangsinnkrevjing og blir oversendt til inkassobyrået.


Innkrevjing av utanlandske krav i Noreg

Vi krev inn bøter og sakskostnadar frå andre nordiske land. Innkrevjinga føregår etter norske reglar. Dersom vi ikkje klarar å få inn alle pengane, returnerar vi saka til det nordiske landet som oppretta kravet i god tid før kravet blir forelda.

Relaterte spørsmål og svar

  • Betalingsopplysningar – kor finn eg det?

    Vårt kontonummer er 7694.05.12057.
    Bruk KID-nummer frå tilsendt betalingsblankett ved innbetaling. KID-nummeret har alltid enten 15 eller 23 teikn. Dersom siste teiknet i KID-nummeret er eit minusteikn "-", skal dette takast med.


    Manglar du KID-nummer, må du oppgi vår referanse eller kravnummer som betalingsinformasjon.

    Betaling frå land utanfor Noreg skal gjerast til:
    IBAN NO98 7694 0512 057
    BIC (SWIFT) DNBANOKK

    Adresse:
    DNB
    PB 1600 Sentrum
    NO-0021 OSLO.

Kontakt oss