Om

Dei føresetnadene som skal gjelde for sal ved auksjon.
Automatisk Trafikk Kontroll (fotoboks)
Frivillig eller tvungen måte å selje eit formuesgode.Til dømes hus, hytte og bil.Formuesgodet blir selt til høgstbydande.
Klage over avgjersle i retten til ein høgare rettsinstans. Til dømes frå tingrett til lagmannsrett.
Førebels sikring av eit pengekrav. Arrest kan takast i alle formuesgoder som det kan takast utleggspant i. Til dømes hus, hytte, pengekrav og bil.
Ei rettigheit som gir innehavaren ein rett til å bruke ein annan sin eigedom. Til dømes vegrett, burett og beiterett.
Fastsette tid (dato og klokkeslett) og stad for når og kor eit utlegg skal verte avgjort.
Ein betalingsmerknad er ein merknad registrert på deg som person eller på eit foretak, om at du/foretaket har ein ubetalt inkassosak, forliksdom, utlegg, lønnstrekk eller er konkurs.
Domstolen si avgjerd i ein tvist i sivile saker eller avgjerd i straffesak.
Den som skylder pengar. Til dømes ein låntakar.
Dividende er den prosentvise dekninga som kreditorane (dei som du skylder pengar til) i ei gjeldsordning/konkurs får.
Gjenstandar (lausøyre) som vert nytta i samband med næringsverksemd. Til dømes landbruksmaskiner.
Ein bustad som kan bli tilbydd ein person som risikerar å tape sin bustad på til dømes tvangsauksjon og tvangssal. Viser til dekningslova paragraf 2.10.
Gjeldsbrev, panterett eller andre avtaler som gir rett til å drive inn skyld utan søksmål. Til dømes gjeldsbrev frå Statens Lånekasse for Utdanning.
At den du skylder penger til (kreditor) sletter heilt/delvis gjeld eller renter.
Eit krav eller rettigheit mot nokon eller noko.
Avgjerder av retten. Til dømes ved manglande tilsvar eller når saksøkte uteblir frå rettsmøte. Det vil seie at retten kan avseie dom utan at saksøkte/klagar er til stade.
Tvungen fråflytting (utkasta) frå fast eigedom.
Avgjerd av retten. Til dømes ved manglande tilsvar eller når saksøkte uteblir frå rettsmøte. Det vil seie at retten kan avseie dom utan at saksøkte/klager er til stade.
Rettslege dokument meddelt til partar i til dømes ei rettssak. Forkynningen kan skje på fleire måtar, til dømes ved rekommandert brev eller ved personleg overlevering. Sjølv om du vel å ikkje ta i mot betyr det likevel at forkynninga er lovleg gjennomført.
Gjennomføring, fullføre, setje i verk.
Underrette eller varsle nokon.
Tidspunkt for oppfylling av eit krav.
Omsettelege verdipapir, verdipapirfondsdelar, pengemarknadsinstrument og liknande.
Stevning (sak) til forliksrådet i ein sivil tvist (ueinigheit der motparten nektar å godta kravet).
Tvist (usemje) som avgjersle ved at det vert oppnådd ei einigheit mellom partane.
Gebyr som vert pålagt ved for seint innlevert rekneskap til Brønnøysundregistra.
Verdipapir som er registrert i Verdipapirsentralen (VPS).
Skjer når kreditor tapar sin rett til oppfylling av krav eller rettigheit fordi kreditoren ikkje har gjort krav innan fastsatte tidsfristar.
Reaksjon på eit straffbart forhold. Til dømes ei bot.
Eit formuesgode kan vere fast eigedom (som for eksempel eit hus, hytte, tom m.m.), bankkonti, verdipapir, bil, båt eller annan verdifull lausøyre som kan omstøytast til pengar ved utleige, sal m.m.
Vanlege klede, hjelpemiddel som skuldnar treng i yrket eller utdanninga og gjenstandane sine som har særleg personleg verdi for skuldnar, kan likevel ikkje takast utlegg i.
Renter som vert pålagt når kravet ikkje er betalt innan forfallsdato, og kalla morarente (strafferente). Forseinkingsrente blir rekna per dag du er for seinka med betalinga.
Ei privat avtale mellom deg og dine kreditorar om at du betaler ned gjelda di over ein periode. (Ofte omtalt som frivilleg gjeldsordning)
Dette er ei ordning som tar sikte på at privatpersonar med alvorlege gjeldsproblem skal få kontroll over økonomien sin (regulert av gjeldsordningsloven).
Grunnboka er eit offentleg rettigheitsregister over tinglyste rettigheiter og hefter i fast eigedom og delar i burettslag. Vert ført av Statens Kartverk.
Dette er ei gjeldsordning der skyldnaren utarbeidar eit forslag til gjeldsordning. Forslaget vert sendt ut frå tingretten til alle kreditorane med ein frist til å kome med merknader. Tingretten skal samtidig kalle inn skyldnaren og alle kreditorane til eit rettsmøte for å behandle forslaget. Det er ingen møteplikt for kreditorane på dette møtet. Retten vil etter ei vurdering anten stadfeste eller nekte å stadfeste skyldnaren sitt forslag til gjeldsordning.
Dette er perioden for kor lenge gjeldsordninga skal vere, normalt 5 år. For tvungen gjeldsordning er det ei maksimumsgrense på 10 år. Perioden reknast frå den dagen då det vart opna gjeldsforhandlingar.
Skriftleg dokument som inneheld løfte/erkjenning om å betale pengar ein er skuldig til ein kreditor.
Heil eller delvis sletting av gjeld.
Offentlege registre over rettigheiter. Til dømes varemerke, patent, design eller opphavsrett.
Handsame fleire krav i same sak.
Brukast om det å krevje at rettsapparatet eller namsmannen skal ta ei avgjerd i ei sak. Til dømes kan dette vere krav om at ei namsmyndigheit skal gjennomføre eit tvangssal.
Den som har pengar til gode.
Lovbestemt pant.
Med livsopphald meiner ein det som ein med rimelegheit treng for å forsørgje skyldnar og skyldnaren sin husstand. Livsopphaldssatsar ved utleggstrekk.
Eit tinglysingsregister for pant og rettigheiter i lausøyre.
Alle gjenstandar som ikkje er fast eigedom eller realregistrert. Til dømes bil, campingvogn, smykker eller liknande av verdi.
Tvangssal vert gjennomført av medhjelpar. Til dømes via meklar.
Det beløpet du er på etterskot med, til dømes den opprinnelege betalingsplanen for studielånet ditt.
Oppgjer mellom to partar som står i gjeld til kvarandre, slik at fordringane heilt eller delvis vert sletta.
Renter som vert lagt til når krav ikkje er betalt ved forfall, og kalla forseinkingssrente.
Kontraktsbrot. Til dømes når eit krav ikkje kan bli betalt innan forfallsdato.
Utgjer tingrettane, alminneleg namsmyndigheit og særnamsmenn. Statens innkrevjingssentral er ein særnamsmann. Andre særnamsmyndigheiter er skatteoppkrevarane, skattekontora og NAV innkrevjingssentral.
Å ettergje ei straff. Ei bot er ei straff, og det å ettergje ei bot vert derfor kalla ei nådegjeving.
Dokument (protokoll) som inneheld namsmannens avgjerd i saka.
Offentleg tenestemann som har myndigheit til å krevje inn krav ved tvang.
Avgjerelsa skal ikkje takast før klagehandsaminga er avslutta.
Erstatning for skade, der skaden ikkje er av økonomisk art.
Rettsleg avgjerd.
Eigar av kravet. Til dømes NRK for NRK-lisensen.
Den som opptrer på vegne av eller fører saka for ein part.
Fortrinnsrett/rekkefølgje.
Eit panteobjekt er det namsmyndigheita kan ta pant i. Som til dømes eigedom, kjøretøy og konto.
Den som har sikkerheit for eit krav i ein eller fleire av skyldnaren sine formuesobjekt (eigedelar).
Purring eller varsel om betaling.
Særleg rett til å skaffe dekning for krav i eit eller fleire formuesgoder.
Den offentlege myndigheita som påtalar straffbare handlingar. Det kan til dømes vere Riksadvokaten, statsadvokaten og juristar i politiet.
Det at ein panthavar eller annan rettigheitshavar gir avkall på sin plass i prioritetsrekkefølgja.
Utskrift av grunnboka, lausøyreregisteret eller andre realregistre. Dette viser kven som har heimel, og kva heftingar som er registrert på fast eigedom, skip eller liknande.
Strafferettsleg reaksjon. Påtalemyndigheita vedtek at det ikkje skal takast ut tiltale sjølv om straffeskyld vert sett på som bevist.
Kostnadar eller gebyr for handsaming av ei sak i retten eller av namsmyndigheit/tinglysingsmyndigheit.
Grunnboka, skipsregistra, luftfartøyregistra og kraftledningsregistera. Det vil seie register for formuesgoder.
Framgangsmåte ved angrep på rettslege avgjersle. Til dømes. anke.
Forsvar av rettigheiter i forhald til andre kreditorar.
Den del av eit ekteskapeleg felleseige som ektefellen har tatt med inn i felleseiget, og som han bestemmer over.
Restbeløp.
Ein dom i ei sak har rettskraft når den ikkje lenger kan bli anka.
Den som det vert retta krav mot. Til dømes ein saksøkt som mogleg må betale eit krav.
Ofte nytta i tilknyting med forhold som gjer at samfunnet vil reagere dersom skyldnaren får ei gjeldsordning. Det kan til dømes vere dersom skyldnaren på ein illojal måte har innretta seg med sikte på å få ei gjeldsordning, ved bevisst å gje feilaktige opplysningar eller unnlate å betale rekningar.
Panterett i ein gjenstand. Til dømes ein bil.
Vurdering. Vert sett i verk for å gje ei verdsetjing eller fastslå rettigheiter eller plikter.
To eller fleire eig ein eigedel saman.
Den som ønskjer å fremje si sak i rettsleg samanheng. For eksempel eigar (saksøkar) av krav som er ønska betalt/innkrevd.
Barn som ein person har med ein annan enn sin noverande partnar (ektefelle/sambuar/kjæreste).
Statens innkrevjingssentral (SI) er eit døme på særnamsmann. Det vil seie at SI har myndigheit til å krevje inn ved bruk av tvang innanfor bestemte områder. Andre særnamsmenn er: Kemnar/kommunekasserar, NAVs innkrevjingssentral (NAVI) og Skattefogdane.
Skyldnar som saman med ein eller fleire andre er medansvarleg i til dømes ei gjeld eller eit lån.
Ei straff som trer inn istadenfor ei anna dersom denne fell vekk. Til dømes kan fengselsstraff vere ei subsidiær straff dersom du ikkje klarar å betale ei bot.
Pengekrav som er lagt på som følgje av ei straffbar handling. SI krev inn følgjande straffekrav: erstatning som er tilkjent i ein offentleg straffesak, bøter, inndraging og sakskostnadar.
Beskytte eit krav eller ein eigedel mot andre kreditorar.
Stoppmelding blir send deg når eit trekk i lønn eller trygd blir stansa.
Det kan vere fleire årsaker:
- ein annan kreditor har større rett (prioritet) på å få betalt sitt. Då må kravet vårt vente mens eit anna krav blir gjort opp fyrst.
- det er ikkje nok pengar igjen til å leve for (ikkje nok til livsopphald).
- kravet er oppgjort/nedbetalt.
Eit dokument som representerar ein leierett eller burett som kan omsettast.Til dømes ei andelsleilighet, obligasjonsleilighet eller aksjeleilighet.
Gjennomføring av namsmyndighetens slutning. Til dømes trekk i løn.
Registrering av rettigheiter/heftingar. Til dømes i grunnboka, skipsregistret, løseøreregistret og realregistre.
Tvangsgrunnlag som kan bli fullført. Til dømes eksigibelt gjeldsbrev eller rettsavgjerd som gir grunnlag for tvangsfullføring.
Vedtak av namsmyndigheit om sal av til dømes eigedom for å oppnå dekning for eit krav.
Tvangssal ved offentleg auksjon halde av namsmyndigheit eller medhjelper for at saksøkar skal få dekka sitt krav. Tvangssalet kan vere av fast eigedom eller lausøyre.
Dom, kjennelse, førelegg, gjeldsbrev og krav etter særleg lovbestemming.
Realisering (sal) av pant.
Eit dokument som gir saksøkar rett til å realisere utleggspant. Til dømes dersom SI har tatt pant i din bankkonto gir ein slik tilvising. SI har rett til å krevje at banken utbetaler beløpet frå kontoen din.
Pantsettaren mister ikkje retten til å bruke det pantsatte.Til dømes dersom det er tatt pant i ein bil er det framleis lov til å køyre den.
Det er når SI tar pant i eigedom, konto eller andre formuesgoder. Eigedom eller anna det er tatt pant i, kan seinare bli tvangsselt til dekning av kravet. SI kan og sende kravsmål til ordinær namsmann om å ta utlegg i lausøyre.
Sikring av krav ved til dømes utleggstrekk eller utleggspant.
Oppdragsgjevar. Til dømes NRK for NRK-lisensen.
Det betyr at SI held eit utlegg for å skaffe dekning for eit krav.
Ein person er forbydd å forlate landet.
Dette er når SI påleggjer arbeidsgjevar eller trygdekontor å foreta trekk i løn eller trygdeyting.
Gjere eit formuesgode til dømes ein eigedom eller ein bil,mindre verdifull.
Verdipapirsentralen.
Dette gjeld dersom ein skyldnar si betalingsevne er så sterkt nedsatt at han ikkje i overskueleg framtid kan klare å tilbakebetale gjelda si. Det blir og vurdera om det er grunn til å forvente endringar i skyldnaren si betalingsevne i løpet av dei neste fem åra.
Til dømes aksjar, obligasjonar, gjeldsbrev osv.
Underretning til ein part om at rettslege skritt skal foretas dersom kravet ikkje blir betalt.
Avgjerd fatta av ein domstol partane sjølv har bestemt.
Den rettskrins eller det namsmannsdistrikt der vedkommande har bupel eller slik tilknyting.
Vi er underlagt Skatteetaten og sørgjer for innkrevjing, tvangsinnkrevjing og rekneskapsføring i saker frå Politiet. I tillegg krev vi inn på vegner av ei rekkje andre statlege oppdragsgivarar.