Konkurs

Person som tømmer lommene med lommeforet ut

Vi tar i mot informasjon om konkursopningar frå Norsk lysningsblad.
Dei krava som vi har fullmakt til å behandle, blir meldt inn i konkursboet. Andre krav blir sendt vidare til våre oppdragsgjevarar.


Konkurs - forseinkingsgebyr

Når eit firma blir slått konkurs, krev vi inn eventuelle forseinkingsgebyr mot solidaransvarlege.


Arbeidsgjevar konkurs?

Dersom du har trekk i lønn og arbeidsgjevaren din går konkurs utan å ha overført pengane til oss, må du sende oss kopi av lønnsslippane som viser trekka som er gjort.
Vi reduserar kravet ditt tilsvarande det som skulle vore innbetalt til oss.

Relaterte spørsmål og svar

  • Solidarisk ansvarleg for forseinkingsgebyr?

    Det inneber at du og dei andre styremedlemmane er heilt eller delvis ansvarleg for same krav.

    Selskapet er ansvarleg for å betale eit slikt gebyr. Betaler ikkje selskapet vert styret i selskapet kravd for kravet. Når ein betaler inn, vert same beløp avskrive på dei andre. Betaler ein heile kravet, vert kravet avskrive for dei andre.

  • Foretak sletta/konkurs - krav mot solidaransvarlege?

    Når eit selskap går konkurs eller blir sletta, vert dei som er ansvarleg (solidar) for kravet kravd for selskapet sitt/sine gjenståande krav.

Ordbok

  • Solidarskyldnar

    Skyldnar som saman med ein eller fleire andre er medansvarleg i til dømes ei gjeld eller eit lån.

  • Oppdragsgjevar

    Eigar av kravet. Til dømes NRK for NRK-lisensen.

Kontakt oss