Soning av bøter (fengsel)

Utsnitt av fengselscelle

Dersom eg ikkje kan betale bota, kva skjer då?

Då vil vi freiste å krevje den inn med trekk i lønn/trygd. Dersom dette ikkje er mogleg, men du faktisk har økonomi til å betale bota, då må du sone den i staden.

Kan eg velje å sone istadenfor å betale?

Nei, du kan ikkje sjølv velje å sone istadenfor å betale ei bot.
Du må betale bøtene dine dersom du har økonomisk evne til det.

Kan eg få ein betalingsavtale i staden for å sone?

Når vi har sendt oppmoding om soning til politiet, så er det for seint å inngå ein betalingsavtale med oss. No er det politiet der du bur som du skal ha med å gjere i saka.
Det er også dei som fastset når du skal kallast inn til soning.

Kan eg få utsetjing på soninga?

SI avgjer ikkje søknader om utsetjing på soning av bøter. Dersom du ønskjer å søkje utsetjing av soninga, så må du rette søknaden til Kriminalomsorgen.

Dei behandlar søknaden og avgjer om du skal få tilsagn eller avslag i følgje retningslinjene for utsetjiing av soning.

Kan eg unngå soning?

For å unngå soning må du betale alle bøter du har hos oss.
Logg inn på "Di side" og sjå oversikta over ubetalte bøter du har hos oss.

Slik betaler du:
Bruk "kravnummer" i feltet for KID-nummer når du betaler.
Du finn kravnummeret i brevet om soning.
Kontonummer finn du her.

Eg har betalt bota, får Politiet melding om dette?

Dersom du betaler bøter vi har oppmoda om soning på, så gir vi politiet melding om innbetalinga og kor mange soningsdagar som står igjen. Dersom du betaler alle bøter i soningssaka gir vi politiet melding om at dei skal avslutte saka.

Du kan sjølv sjekke kva ubetalte krav du har hos SI: Logg deg inn på «Di side»

 

 

 

 

 

 

Relaterte spørsmål og svar

Ordbok

  • Subsidiær straff

    Ei straff som trer inn istadenfor ei anna dersom denne fell vekk. Til dømes kan fengselsstraff vere ei subsidiær straff dersom du ikkje klarar å betale ei bot.

Kontakt oss