Om innkrevjing

Mynter stabla i stigande rekkefølgje

Vi skiljer mellom to måtar å krevje inn på: frivilleg innkrevjing og tvangsinnkrevjing.


Frivilleg innkrevjing - du bestemmer

Frivilleg innkrevjing er då du sjølv har innverknad på korleis du skal betale kravet.
Det betyr at du kan innvilge deg sjølv ei betalingsavtale, anten avdragsordning eller betalingsutsetjing.


Tvangsinnkrevjing - vi bestemmer

Dersom du ikkje betalar kravet frivilleg, sett vi i gang tvangsinnkrevjing. Tvangsinnkrevjing betyr at vi kan trekkje deg i lønn eller trygd, eller at vi kan sikre kravet ved å ta pant i formuesgoder som til dømes fast eigedom, bankkonti og verdipapir.

Relaterte spørsmål og svar

Ordbok

  • Formuesgode

    Eit formuesgode kan vere fast eigedom (som for eksempel eit hus, hytte, tom m.m.), bankkonti, verdipapir, bil, båt eller annan verdifull lausøyre som kan omstøytast til pengar ved utleige, sal m.m.

    Vanlege klede, hjelpemiddel som skuldnar treng i yrket eller utdanninga og gjenstandane sine som har særleg personleg verdi for skuldnar, kan likevel ikkje takast utlegg i.

  • Verdipapir

    Til dømes aksjar, obligasjonar, gjeldsbrev osv.

Kontakt oss