Gjeldsordning

Kalender

Gjeldsordning skal gi privatpersonar med alvorlege gjeldsproblem muligheit til å få kontroll over sin økonomi. 

Ei gjeldsordning er ei avtale mellom deg og dine kreditorar om korleis du kan betale ned mest mulig av gjelda din i ein avgrensa periode, som hovudregel 5 år, mot å få sletta restgjelda. Ordninga kan og omfatte gjeld til det offentlege og kan som hovudregel berre oppnåast ein gang i livet. Det finnast fleire løysingar på gjeldsproblema.


Gjeldsordning med oss?

Du bør først forsøke å få til ei betalingsordning med alle kreditorane dine. Då må du:

  1. Vite kven du skylder pengar og kor mykje.
  2. Ha oversikt over dine inntekter og utgifter.
  3. Føreslå eit stipulert budsjett for perioden.
  4. Føreslå kor mykje du kan betale på kvart enkelt krav.
  5. Føreslå kor lenge gjeldsordninga skal vare.
  6. Leggje fram same forslag til oss og andre kreditorar.


Vart det ikkje einigheit om betalingsordninga mellom deg og alle kreditorane?

Dersom vi ikkje vert einige, kan du gå vidare til namsmannen og be om opning av gjeldsforhandlingar (rettsleg gjeldsordning).

For at vi skal kunne vere med på ei rettsleg gjeldsordning vurderar vi følgjande:

  • Du skal vere varig betalingsudyktig. Det betyr at det økonomiske problemet er permanent og at det ikkje er mogeleg å betale ned gjelda i uoverskueleg framtid.
  • Forslaget ditt på gjeldsordninga må ikkje verke urimeleg eller støtande på andre.


Vart det ikkje einigheit om forslaget til ei rettsleg gjeldsordning?

Du må då be namsmannen om tvungen gjeldsordning før forhandlingsperioden går ut. Namnmannen sender då saka til tingretten.


Kva skjer under ein gjeldsordningsperiode?

  • Du har sjølv ansvaret for å opplyse kreditorane dine om det skulle skje endringar i økonomien din.
  • Du er sjølv ansvarleg for å betale dividende (utbetaling til kreditorar) til kvar av kreditorane dersom dividende er avtalt.
  • Kreditorane kan krevje ordninga oppheva om den ikkje vert halde.
  • Du vil ha ein betalingsmerknad så lenge ei rettsleg/tvungen gjeldsordning varer.


Etter ei gjeldsordning

  • Når du har gjennomført gjeldsordninga i høvevis til avtalen, skal krava i ordninga slettast.
  • Dersom du tar i mot arv, gevinst eller liknande av betydeleg omfang innan to år etter at gjeldsordningsperioden er avslutta, kan kreditorane krevje at dette blir fordelt på dei.

Relaterte spørsmål og svar

  • Gjeldsordning - har likevel fått krav frå SI?

    Årsak kan vere at kravet ikkje vart registrert i gjeldsordninga då den vart oppretta. Du har muligheit til å be om endring i gjeldsordninga for å få med slike krav.

    Nye krav som du har fått etter at gjeldsordninga vart inngått, må betalast utanom ordninga.

Ordbok

  • Gjeldsordning

    Dette er ei ordning som tar sikte på at privatpersonar med alvorlege gjeldsproblem skal få kontroll over økonomien sin (regulert av gjeldsordningsloven).

  • Gjeldsordning-frivilleg

    Ei privat avtale mellom deg og dine kreditorar om at du betaler ned gjelda di over ein periode. (Ofte omtalt som frivilleg gjeldsordning)

  • Gjeldsordning-tvungen

    Dette er ei gjeldsordning der skyldnaren utarbeidar eit forslag til gjeldsordning. Forslaget vert sendt ut frå tingretten til alle kreditorane med ein frist til å kome med merknader. Tingretten skal samtidig kalle inn skyldnaren og alle kreditorane til eit rettsmøte for å behandle forslaget. Det er ingen møteplikt for kreditorane på dette møtet. Retten vil etter ei vurdering anten stadfeste eller nekte å stadfeste skyldnaren sitt forslag til gjeldsordning.

  • Gjeldsordningsperiode

    Dette er perioden for kor lenge gjeldsordninga skal vere, normalt 5 år. For tvungen gjeldsordning er det ei maksimumsgrense på 10 år. Perioden reknast frå den dagen då det vart opna gjeldsforhandlingar.

  • Kreditor

    Den som har pengar til gode.

  • Namsmann

    Offentleg tenestemann som har myndigheit til å krevje inn krav ved tvang.

  • Dividende

    Dividende er den prosentvise dekninga som kreditorane (dei som du skylder pengar til) i ei gjeldsordning/konkurs får.

Kontakt oss