Klage

Person med armane folda

Du har rett til å klage på saksbehandlinga og avgjerdene våre som gjeld deg. I mange tilfelle må vi sende klaga di vidare til dei som oppretta kravet (til dømes NRK, Lånekassen, Politiet).

Vær likevel klar over at klaga di stoppar ikkje innkrevjinga av kravet.
Det er fyrst ved ei eventuell avgjerd om at klaga din skal takast til følgje at innkrevjinga stoppar.


Korleis klagar du?

  • Ei klage skal vere skriftleg.
  • Det må vere tydeleg kva du klagar på (klage på trekk, saksbehandlinga, kravet, skattemotrekning m.m.).
  • Du må opplyse om kvifor du klagar.
  • Du må skrive kva du ønskjer å oppnå med klaga (stans av trekk, sletting av krav m.m.).
  • Du må underskrive klaga.
  • Legg ved relevant dokumentasjon.

Logg deg inn på Di side og bruk tenester, eller bruk Klageskjema.


Fristar for klaging på innkrevjinga

Du kan klage så lenge tvangsinnkrevjinga ikkje er avslutta.

  • Ved utleggspant kan du klage på SI si avgjerd eller handlemåte, så lenge SI ikkje har bedt om tvangsdekning (sal av pant).
  • Ved utleggstrekk kan du klage på SI si avgjerd eller handlemåte så lenge trekkperioden ikkje er avslutta.

Du kan også klage på at vi har valt å ta utlegg i akkurat desse formuesgoda, men då må du klage innan ein månad etter at du er orientert om utlegget.

Andre klagefristar kan variere frå sak til sak, og vil vere opplyst i brev frå oss.

Kva skjer når du har sendt klage?

Vi behandlar klager innan 3 veker etter at vi har mottatt.
Vi vurderar om vi skal gjere om vedtaket vårt før vi eventuelt sender klaga vidare til den rette instansen.

Dersom du får sletta eit krav, vil det du har betalt inn for mykje bli tilbakebetalt.

Relaterte spørsmål og svar

Ordbok

  • Utleggstrekk

    Dette er når SI påleggjer arbeidsgjevar eller trygdekontor å foreta trekk i løn eller trygdeyting.

  • Utleggspant

    Det er når SI tar pant i eigedom, konto eller andre formuesgoder. Eigedom eller anna det er tatt pant i, kan seinare bli tvangsselt til dekning av kravet. SI kan og sende kravsmål til ordinær namsmann om å ta utlegg i lausøyre.

Kontakt oss