Faktura frå politiet - klarar du ikkje å betale kravet innan fristen?

Du må vente litt før du tek kontakt med oss eller prøver sjølvbeteninga på denne fakturaen.

Frå du blei ilagd kravet av politiet (fekk papirgiroen), så tek det 6-8 veker før den kjem inn i systemet vårt.
Vi har derfor ikkje noko krav å behandle før kravet er kome til oss.

Når kravet er registrert inn hos oss
Då sender vi ut ein ny faktura til deg (det kostar deg ikkje noko ekstra at du ventar på vår fyrste faktura til deg).
KID-nummeret på denne kan du bruke til å lage deg avdragsplan eller utsetjing på kravet. Du finn sjølvbeteninga på framsida.

Kontakt oss