Tilbakebetaling av tilskot til forretningsutvikling §10

Korleis skjer innkrevjinga for dette kravet?

(Trykk på stega for å lese meir)

Frivilleg innkrevjing

1. Faktura

Bilde

2. Purring

Bilde

3. Varsel om tvangsinnkrevjing

Bilde

Tvangsinnkrevjing

4. Til lokal namsmann

Bilde

Dette kan du gjere på nettsida

Norsk filminstitutt kan gi tilskot til audiovisuelle produksjonar. Dei har også moglegheit til å gi tilskot til produksjonsselskap til utvikling av forretningsverksemd. Formålet er å fremje filmkulturen i Noreg og styrke bransjen. Tilskot til forretningsutvikling skal betalast tilbake etter dei vilkåra som går fram av tilsagnsbrevet frå Norsk filminstitutt.

Dersom de ønskjer å søkje om ettergiving eller klage på at kravet oppstod, er det Norsk filminstitutt som behandlar søknaden. Vi stansar ikkje innkrevjinga mens søknaden blir behandla, dersom vi ikkje mottek anna melding frå Norsk filminstitutt.

SI kan behandle søknader om nedsetjing av kravet, jf. SI-lova § 8. SI kan sette ned kravet dersom vi trur at ei nedsetjing av kravet vil gi betre dekning enn framleis innkrevjing av kravet. Vi kan ikkje sette ned kravet, dersom vi trur at dette vil verke støytande overfor andre eller svekkje den allmenne betalingsmoralen.

SI kan skattemotrekne kravet.

Aktuelle lovheimlar

Forskrift om tilskot til produksjonsselskap § 3 og10

SI-lova § 8

SI-lova § 7

SI-lova§ 4

Kontakt oss