Brotsgebyr - Minerallova

Korleis skjer innkrevjinga for dette kravet?

(Trykk på stega for å lese meir)

Frivilleg innkrevjing

1. Faktura

Bilde

2. Varsel om tvangsinnkrevjing

Bilde

Tvangsinnkrevjing

3. Til lokal namsmann

Bilde

Dette kan du gjere på nettsida

Direktoratet for mineralforvaltning kontrollerar at undersøkingar, prøvedrift og ordinær bergverksdrift føregår på ein forsvarleg måte. Mennesker og dyr skal vere trygge og natur og miljø skal vere minst mulig skada. Dersom minerallova eller vedtak i samband med den, ikkje blir overhalde, kan Direktoratet for mineralforvaltning påleggje eit gebyr. 

Storleiken på gebyret avhenger av kor grovt brotet er, om det har skjedd fleire gangar, den økonomiske evna til å betale, med meir.

Dersom du ønskjer å søkje om ettergjeving av kravet, er det Direktoratet for mineralforvaltning som behandlar dette. Innkrevjinga blir ikkje stansa under behandlinga av søknaden før vi tar i mot anna beskjed frå Direktoratet for mineralforvaltning.

Aktuelle lovheimlar

-vedtak om brotsgebyr, jf. minerallova § 67, tredje ledd, jf. tvangsfullføringslova § 7-2 bokstav e

SI-lova § 8

Relaterte spørsmål og svar

  • Eg har betalt, korfor stansar dere ikkje innkrevjinga?

    Dette kan vere fordi vi ikkje hadde registrert betalinga di då fakturaen eller kravbrevet vart sendt ut.

    Logg inn på Din side for å sjå om betalinga er registrert no eller ring oss på telefon 75 14 90 00.

  • Betalingsopplysningar – kor finn eg det?

    Vårt kontonummer er 7694.05.12057.
    Bruk KID-nummer frå tilsendt betalingsblankett ved innbetaling. KID-nummeret har alltid enten 15 eller 23 teikn. Dersom siste teiknet i KID-nummeret er eit minusteikn "-", skal dette takast med.


    Manglar du KID-nummer, må du oppgi vår referanse eller kravnummer som betalingsinformasjon.

    Betaling frå land utanfor Noreg skal gjerast til:
    IBAN NO98 7694 0512 057
    BIC (SWIFT) DNBANOKK

    Adresse:
    DNB
    PB 1600 Sentrum
    NO-0021 OSLO.

Ordbok

  • Ettergjeving

    At den du skylder penger til (kreditor) sletter heilt/delvis gjeld eller renter.

Kontakt oss