Brotsgebyr arbeidsmiljølova

Korleis skjer innkrevjinga for dette kravet?

(Trykk på stega for å lese meir)

Frivilleg innkrevjing

1. Faktura

Bilde

2. Varsel om tvangsinnkrevjing

Bilde

Tvangsinnkrevjing

3. Varsel om utleggsforretning

Bilde

4. Utleggsforretning

Bilde

Dette kan du gjere på nettsida

Kva er eit lovbrotsgebyr?

Arbeidstilsynet kan påleggje verksemder som bryt lov eller forskrift eit lovbrotsgebyr.
Gebyret kan påleggjast for brot på avgjerder som arbeidstilsynet handhevar i:

  •     arbeidsmiljølova
  •     allmenngjeringslova
  •     utlendingslova
  •     tobakkskadelova
  •     lov om offentlege innkjøp.

Det gjeld også brot på forskriftene som høyrer til desse lovene.
Endeleg vedtak om lovbrotsgebyr er tvangsgrunnlag for utlegg.

Lovbrotsgebyr som blir pålagt statlege etatar, det vil seie staten, kommunen, fylkeskommunen, eit interkommunalt selskap, regionalt helseføretak eller helseføretak, kan ikkje tvangskrevjast.

Det er arbeidstilsynet som behandlar søknader om nedsetjing av kravet og utanrettsleg gjeldsordning.

Korleis kan du klage på lovbrotsgebyret?

Dersom du ønskjer å klage på at kravet har oppstått, er det Direktoratet for arbeidstilsynet som behandlar dette. Vi stansar ikkje innkrevjinga mens dei behandlar klaga med mindre vi får melding om det frå Arbeidstilsynet.

Det er Arbeidstilsynet som behandlar søknader om nedsetjing av kravet og utanrettsleg gjeldsordning.

Aktuelle lovheimlar

SI-lova§ 4

Arbeidsmiljølova § 18-10 tredje ledd, jf. tvangsfullbyrdelseslova § 7-2 bokstav e

Arbeidsmiljølova § 18-10

SI-lova § 1 jamfør SI-forskrifta § 1

Kontakt oss