Inndraging - Vanleg førelegg

Korleis skjer innkrevjinga for dette kravet?

(Trykk på stega for å lese meir)

Frivilleg innkrevjing

1. Faktura

Bilde

2. Varsel om tvangsinnkrevjing

Bilde

Tvangsinnkrevjing

3. Varsel om utleggsforretning

Bilde

4. Utleggsforretning

Bilde

Dette kan du gjere på nettsida

Dersom påtalemyndigheita meiner at nokon har hatt forteneste av eit brotsverk, vert det som oftast ilagd inndraging av utbyttet. Inndraging kan følgje både ved dom, førelegg og forenkla førelegg.

Vi krev berre inn inndragingar som er eit pengebeløp.

Dersom du ønskjer å søkje om ettergjeving av kravet, er det påtalemyndigheita som må ta stilling til førespurnaden. Innkrevjinga blir ikkje stansa under behandlinga av søknaden før vi tar i mot anna beskjed frå påtalemyndigheit.

Aktuelle lovheimlar

-vedtatt førelegg, jf. tvangsfullføringslova § 4-1 andre ledd bokstav c

Relaterte spørsmål og svar

  • Betalingsopplysningar – kor finn eg det?

    Vårt kontonummer er 7694.05.12057.
    Bruk KID-nummer frå tilsendt betalingsblankett ved innbetaling. KID-nummeret har alltid enten 15 eller 23 teikn. Dersom siste teiknet i KID-nummeret er eit minusteikn "-", skal dette takast med.


    Manglar du KID-nummer, må du oppgi vår referanse eller kravnummer som betalingsinformasjon.

    Betaling frå land utanfor Noreg skal gjerast til:
    IBAN NO98 7694 0512 057
    BIC (SWIFT) DNBANOKK

    Adresse:
    DNB
    PB 1600 Sentrum
    NO-0021 OSLO.

  • Eg har betalt, korfor stansar dere ikkje innkrevjinga?

    Dette kan vere fordi vi ikkje hadde registrert betalinga di då fakturaen eller kravbrevet vart sendt ut.

    Logg inn på Din side for å sjå om betalinga er registrert no eller ring oss på telefon 75 14 90 02.

Ordbok

  • Dom

    Domstolen si avgjerd i ein tvist i sivile saker eller avgjerd i straffesak.

  • Påtalemyndigheita

    Den offentlege myndigheita som påtalar straffbare handlingar. Det kan til dømes vere Riksadvokaten, statsadvokaten og juristar i politiet.

  • Ettergjeving

    At den du skylder penger til (kreditor) sletter heilt/delvis gjeld eller renter.

  • Forelegg

    Reaksjon på eit straffbart forhold. Til dømes ei bot.

Kontakt oss