Tvangsmulkt - Forureiningslova

Korleis skjer innkrevjinga for dette kravet?

(Trykk på stega for å lese meir)

Frivilleg innkrevjing

1. Faktura

Bilde

2. Varsel om tvangsinnkrevjing

Bilde

Tvangsinnkrevjing

3. Varsel om utleggsforretning

Bilde

4. Utleggsforretning

Bilde

Dette kan du gjere på nettsida

Du må betale tvangsmulkt etter forureiningslova dersom du ikkje rettar eit brot i samsvar med ein fastsatt frist. Typiske tilfeller som kan resultere i tvangsmulkt etter forureiningslova er pålegg om å fjerne farleg avfall og levere til godkjent mottak, samt pålegg om å føreta opprydding på eigedomane når det har foregått ulovleg forsøpling som kan medføre fare for forureining.

Tvangsmulkt som blir pålagt statlege etatar, det vil seie staten, kommunen, fylkeskommunen, eit interkommunalt selskap, regionalt helseføretak, helseføretak - kan ikkje tvangskrevjast.

Ettergjeving/fråfall av tvangsmulkt skal behandlast av den forureiningsmyndigheita som har fatta vedtaket om tvangsmulkt. Klage på tvangsmulkt kan påklagast til overordna forureiningsmyndigheit innan tre veker etter at vedtak om tvangsmulkt vart mottatt.

Tvangsmulkta er eit krav vi har muligheit til å skattemotrekne.

Aktuelle lovheimlar

-vedtak om tvangsmulkt , jf. forureiningslova § 73, 4. ledd, jf. tvangsfullføringslova § 7-2 bokstav d

SI-lova § 8

Relaterte spørsmål og svar

  • Betalingsopplysningar – kor finn eg det?

    Vårt kontonummer er 7694.05.12057.
    Bruk KID-nummer frå tilsendt betalingsblankett ved innbetaling. KID-nummeret har alltid enten 15 eller 23 teikn. Dersom siste teiknet i KID-nummeret er eit minusteikn "-", skal dette takast med.


    Manglar du KID-nummer, må du oppgi vår referanse eller kravnummer som betalingsinformasjon.

    Betaling frå land utanfor Noreg skal gjerast til:
    IBAN NO98 7694 0512 057
    BIC (SWIFT) DNBANOKK

    Adresse:
    DNB
    PB 1600 Sentrum
    NO-0021 OSLO.

  • Eg har betalt, korfor stansar dere ikkje innkrevjinga?

    Dette kan vere fordi vi ikkje hadde registrert betalinga di då fakturaen eller kravbrevet vart sendt ut.

    Logg inn på Din side for å sjå om betalinga er registrert no eller ring oss på telefon 75 14 90 00.

Ordbok

  • Ettergjeving

    At den du skylder penger til (kreditor) sletter heilt/delvis gjeld eller renter.

Kontakt oss