Har du fått ei bot?

Politimann som stoppar køyrety

Vil du dele opp ei bot, utsetje betalinga av den, eller betale med kort her?

Du kan ikkje bruke giroen frå Politiet eller Vegvesenet i sjølvbeteninga på nettsida vår, berre fakturaene vi har sendt ut. Dersom du vil ha avdrag eller utsetjing på eit krav frå Politiet eller Vegvesenet, så må du vente til SI har fått sendt faktura/giro til deg med eit KID-nummer du kan bruke her. Det same gjeld dersom du vil betale med kort i nettsida vår.

Kor lenge må du vente på faktura/giro frå Statens innkrevjingssentral (SI)?

Det kan ta 3-6 veker før politiet eller Statens vegstell har sendt kravet til oss. så snart det er registrert inn hos oss, sender vi det vidare til deg og då med eit KID-nummer du kan bruke her til å lage avdragsordning eller ei utsetjing på kravet. Den raskaste måten er elektronisk kommunikasjon, sjå forklaring i neste avsnitt under.

Vil du ikkje ha fakturaen frå oss i posten?
Logg deg inn hos oss, gå til "Din profil" og set innstillinga til "elektronisk kommunikasjon".
Vel du dette får du melding på SMS eller e-post (avhengig av kva du har kryssa av for), når fakturaen ligg klar i meldingsboksen.

Kostar det noko ekstra å vente til SI sender meg ny faktura?

Nei, du får ikkje noko ekstra gebyr sjølv om du vel å vente til du får ny faktura frå oss.


 

Kontakt oss