Utleggsforretning?

Dersom du ikkje betaler eit krav vil dette tilslutta gå til tvangsinnkrevjing. Då blir det halde ei utleggsforretning for å sjå på kva måte krava kan bli dekte.

Utropsteikn

Har du fått varsel om utleggsforretning?

No har du to mogelege val:

1. Stanse utleggsforretninga 
Hvis du betaler heile kravet så blir utleggsforretninga bli avlyst.
Du slepp då betalingsmerknad og at arbeidsgivaren din/NAV blir pålagd å trekkje frå lønna di.

Når er det for seint for meg å betale for å få avlyst utleggsforretninga?

  • Betal med kort Når du betaler med "betale med kort"-tenesta vår, bør du betale seinast to vyrkedagar før datoen som er sette for utleggsforretninga.
  • Betal i nettbanken Når du betaler i nettbanken, bør du betale seinast ei veke før datoen som er sett for utleggsforretninga.

NB: Det kan ta inntil fem dagar før "kravsaldoen" på Din side blir oppdatert etter at du har betalt.

2. Utleggsforretninga blir halden
Hvis du ikkje kan betale heile kravet må vi halde utleggsforretninga. Pass på at du ikkje får for høgt trekk i lønn eller trygd, les meir om kva ei utleggsforretning inneber og kva moglegheiter du har her: Utleggsforretning

Kontakt oss