Fått "Årleg varsel om tvangsfullføring"?

Postkasse

Ein gong i året sender vi automatisk ut eit varsel for kvart krav du har uteståande hos oss.
Dette gjer vi for at kravet framleis skal vere gyldig for tvangsinnkrevjing.

Dette kan verke forvirrande dersom du akkurat har inngått ein betalingsavtale. Eller kanskje har du tidlegare fått brev om at du har for lite igjen til livsopphald, og at det derfor ikkje kan trekkjast noko no.
Sjølv om du ikkje har inntekter eller eigedom/eigedelar/pengar på konto til å betale det no, så kan dette endre seg og då skal du vere informert om at kravet framleis er gyldig og kan krevast inn.

Ønskjer du ei samla oversikt over alle krava du har hos oss no?
Logg deg inn på "Din side"eller bruk tenesta «Ubetalte krav oversikt», då sender vi oversikta i posten til deg.

Kontakt oss