Klage på mva. motrekning for aksjeselskaper etc.

 

Klage på grunnlaget for kravet

Dersom selskapet meiner at kravet ikkje er riktig, så kan ein klage på grunnlaget, feks. at betalingsdatoen på kravet ikkje er passert, at kravet er sendt til feil mottakar, at kravet er gitt på urett grunnlag eller at kravet er forelda.

Grunnar som ikkje blir rekna som gyldige for å få behalde mva. til gode

  • Selskapet har lån som skulle løysast ut
  • Selskapet skulle setje pengane av til sparing
  • Selskapet har planlagt investeringar
  • Selskapet har andre uteståande krav for selskapet, eller lønn til tilsett

Slik klagar selskapet på mva. motrekning

Klagefrist: selskapet har ein månads klagefrist på mva. motrekninga etter at selskapet har motteke varsla frå oss.
1. Skriv klage
I klaga fører du inn selskapsnamn, adresse og organisasjonsnummer for selskapet. Klargjer for på kva grunnlag du meiner at kravet ikkje er riktig.
2. Send inn klaga til oss, hugs signatur.

Saksbehandlingstid på klagar

Vi kan ikkje behandle klaga før vi har motteke pengane som er mva. motrekna. Når vi har motteke pengane frå Skatteetaten, kan det ta opptil 4 veker å behandle klaga.

Har vi rett til å dekkje ubetalte krav hos oss med mva. penger til gode?

Vi har rett etter SI-lova si § 4 til å motrekne i mva. til gode. Det betyr at dersom selskapet får meirverdiavgift pengar til gode, så kan vi gi melding til Skatteetaten om å halde igjen desse pengane for å dekkje selskapet sine ubetalte krav hos oss. Dette blir kalla motrekning i mva. til gode.

Vi sender ut varsel om mva. motrekning til alle som har krav vi kan motrekne i mva. til gode.