Krevje inn erstatning

Dersom du som privatperson, verksemd eller organisasjon har vore utsett for ei straffbar handling, kan SI krevje inn erstatning som er blitt tilkjend i saka. Vi krev berre inn renter i dei sakene der det står i førelegget/domsslutninga at det skal reknast renter i tillegg til kravet.

Vi skil mellom innkrevjing til personar og innkrevjing til verksemd og organisasjonar.
For personar som ønskjer innkrevjing, tilbyr SI fakturering og tvangsinnkrevjing.
Vi tilbyr fakturering til næringsdrivande, men vi tvangsinnkrevjar ikkje for næringsdrivande som har ressursar til dette sjølv.

Er erstatningskravet frå ei straffesak eller ei sivil sak?

Vi skil mellom erstatning i straffesaker og sivile saker. Kvifor må du vite forskjellen?

1. I straffesakene sender politiet sakene til oss. Ver klar over at oversendinga kan ta tid. Du må vente på brev frå SI før vi kan krevje inn dette erstatningskravet for deg. Du slepp altså sjølv å kontakte SI for å be oss krevje inn kravet - vant på brevet frå oss.


2. I sivile saker må du sende saka over til oss, og be om at vi krev erstatningskravet inn for deg - bruk erstatningsskjemaet for å be oss krevje inn erstatning i sivile saker.